Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal i kuttknipe

– Handlingsrommet vårt er heilt klart innskrenka, seier styreleiaren i Helse Møre og Romsdal. Helseministeren set foten ned for mange av forslaga til kutt for sjukehusa i fylket.

John Harry Kvalshaug

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, seier signala frå helseministeren gjer at arbeidet til Helse Møre og Romsdal kan bli ekstra vanskeleg.

Foto: Trond Vestre / NRK

Helse Møre og Romsdal får stadig større utfordringar. Helseføretaket manglar 160 millionar kroner, og direktøren vil kutte i fleire av tilboda ved sjukehusa.

No gjer Noreg sin ferske helseminister, Bent Høie (H), det klinkande klart at regjeringa ikkje vil akseptere ei einsidig økonomisk grunngjeving for kutta.

– Utfordringane blir større

For å spare pengar vil Helse Møre og Romsdal drive meir effektivt ved å samle fleire av funskjonane til sjukehusa i fylket. Mellom anna kan akuttkirurgien bli samla i Ålesund og Molde.

Men det vil ikkje helseminister Bent Høie (H) ha noko av. I Stortinget i går understreka han at om ein skal kutte, er ikkje økonomi ein god nok grunn.

– Helseministeren sitt svar i Stortinget gjer at utfordringane for Helse Møre og Romsdal blir større, seier styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug.

Les også:

Bent Høie (Høyre)

Helseminister Bent Høie (H) seier økonomi ikkje er ein god nok grunn til å kutte i tilboda ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Lang liste med kuttforslag

Styreleiaren set pris på tydelege signal frå den øvste politiske leiinga, men seier han ser heilt tydeleg at handlingsrommet til helseføretaket er innskrenka.

– Det blir veldig utfordrande å kome i hamn med busjettet no, seier Kvalshaug.

Gjennom hausten har ulike arbeidsgrupper sett på korleis ein kan samle ulike funksjonar i Helse Møre og Romsdal.

Lista over kuttforslaga er lang og 18.desember skal styret i helseføretaket behandle forslaget om funksjonsfordelingane.

– I strid med regjeringserklæringa

Helseminister Bent Høie (H) presiserer overfor Sunnmørsposten at det må faglege grunnar til for å samle funksjonar og kutte i tilbod ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

– Det er ikkje mogleg for styret å gjennomføre noko i strid med regjeringserklæringa. Nedlegging av akutt- og fødetilbod kan ikkje bli gjort av økonomiske grunnar. Det må vere knytt til pasienttryggleik og kvalitet på tilbodet, seier han til avisa.

No vedgår styreleiar John Harry Kvalshaug at Helse Møre og Romsdal er i tidsnaud i forhold til styremøtet 18.desember.

– Difor er noko av det viktigaste som må skje 18.desember å få på plass ein tidsplan.