NRK Meny
Normal

Storfjordens Venner på det europeiske kulturkartet

Europa er imponert over det store kulturvernarbeidet Storfjordens Venner gjer. Tysdag får dei kontinentes mest prestisjetunge pris innan kulturminnearbeid.

Ytste Skotet i Storfjorden

Garden Ytste Skotet ligg 225 meter over Storfjorden, og høyrer til foreninga Storfjordens Venner. her blir drive museum, leirskule og gardsdrift.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Når Storfjordens Venner får overrekt den Europeiske kulturvernprisen i Madrid i morgon kveld, er det ei enorm anerkjenning av arbeidet dei frivillige entusiastane i foreininga står for, meiner Erik Schultz.

Erik Schultz

Erik Schultz har vore med i organisasjonen Europa Nostra i mange år, og er leiar av den norske avdelinga.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Han er styreleiar i den norske avdelinga av organisasjonen Europa Nostra, som står bak prisen saman med EU-kommisjonen.

– Når heile Europa er nedslagsfeltet for denne prisen, og i alt 28 land kjem med forslag til prisvinnarar, er dette aboslutt eit nålauge å kome igjennom, seier Schultz.

Foreininga er éi av i alt 28 prisvinnarar som får ære og heider under tilstellinga i Madrid. Prisen blir delt ut av president i Europa Nostra, tenoren Placido Domingo, saman med og også spanskedronninga Letizia deltek.

Kronprinsesse Letizia

Dronning Letizia av Spania blir også med under prisutdelinga i Madrid.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Juryen er imponert

Den norske avdelinga i Europa Nostra har ikkje hatt nokon finger med i spelet når juryen har bestemt at Storfjordens Venner er best av alle i Europa i kategorien "Spesiell innsats" i kulturminnearbeidet.

– Det morosame er jo at juryen sit langt unna Noreg, har stor ekspertise på sine ulike felt , og sit milevis unna fjord og fjell der Storfjordens Venner utøver sin store innsats, seier Erik Schultz.

Kjell Løseth

Leiar i Storfjordens Venner, Kjell Løseth, gler seg til morgondagen. Han har dratt til Madrid i spissen for ein delegasjon på 18 personar frå Møre og Romsdal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I juryen sit mellom anna representantar frå Belgia, Frankrike, Tyskland, Malta og Montenegro.

Vidt spekter

I følgje Schultz har juryen lagt vekt på fleire element når dei har utpeikt Storfjordens venner til Europas bste på sitt område.

– Innsatsen dei har gjort med å berge nokså utilgjengelege, eldre bygningar i ulent og vanskeleg terreng er i seg sjølv prisverdig. Nærleiken til Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland, er også med i vurderinga, meiner Schultz.

Han trur også at det tradisjonelle, årlege Sommarstemnet som foreininga arrangerer, har virka inn fordi det spreier kunnskap til mange.

Storfjordens venner i Matvika

Det årlege Sommarstemnet, som dette i Matvika ved Geirangerfjorden, har blitt lagt merke til av den europeiske juryen.

Foto: Nelly Perdy Øye

Eit anna viktig poeng, meiner Schultz, er at Storfjordens Venner gjennom aktiviteten dei driv, skaper auka medvit om bevaring av kulturminnearven.

– Dei formidlar byggetradisjon og syt for at yngre handverkarar får vere med og lære handverket som skal til for å restaurere gamle bygningar.

I konkurranse med slott

Europa Nostra arbeider for å få fram frivillig innsats på kulturminnefeltet i kvar ein krik og krok i Europa.

Placido Domingo

Den verdsberømte tenoren Plácido Domingo deler ut prisen til Storfjordens Venner. Han er president i Europa Nostra.

Foto: NRK

– Det er gledeleg at eit lite hjørne av Europa får ein så høgt hengande pris konkurranse med svære prosjekt som slott, kyrkjer, katedralar ute i Europa. Det viser at små miljø og prosjekt blir ikkje gløymde, meiner Schultz.

Han legg til at store kulturnasjonar som Italia, Spania, Frankrike, England, Tyskland blir tunge i ein slik konkurranse. Men prisen viser at også at lokalt kulturvern er verdifullt.

Vil gi ringverknader

Omdømet til Storfjordens venner kjem til å bli løfta enno meir opp og ut med denne prisen.

– Dette vil dei vil ha glede av i mange år framover. Erfaringane våre viser at sjølvkjensla til prisvinnarane aukar, og omverda får augo opp for kjempeinnsatsen dei gjer.

Smia på fjordgarden Bjørnevika i Sykkylven

Den gamle smia t.v. på den fråflytta fjordgarden Bjørnevika i Sykkylven, er det nyaste restaureringsprosjektet til Storfjordens venner.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Schultz legg til at tidlegare prisvinnarar erfarer at rekrutteringsarbeidet går lettare.

– Prisen gir også drahjelp for økonomisk støtte frå lokalmiljøet, det offentlege eller frå private stiftingar.

Prisutdelinga skjer i Zarzuela Teater tysdag kveld kl. 19.