Hopp til innhold

EU-pris til Storfjordens Venner

Foreininga jublar over tildelinga av EUs kulturminnepris/Europa Nostra-prisen 2016.

Osvika i Storfjorden

For mellom anna bevaring av Osvika får Storfjordens Venner ein prestisjetung EU-pris.

Foto: Storfjordens Venner

Dette er rekna for å vere europas mest prestisjetunge pris innan kulturminnearbeid.

– Når vi no får den Europeiske kulturvernprisen, fortel det oss at foreininga har gjort svært mykje rett, og det inspirerer til vidare innsats, seier styreleiar i Storfjordens Venner, Kjell Løseth.

Sylvi Listhaug og Kjell Løseth på Ytste Skotet

Tidlegare landbruksminister Sylvi Listhaug delte ut pris til styreleiar Kjell Løseth.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Det er altså ein høgthengande pris som går til Storfjordens Venner, som viser at arbeidet og innsatsen også blir verdsett også internasjonalt.

Fleire prisar

Tidlegare har foreininga mottatt både Den nasjonale kulturlandskapsprisen, Norsk kulturarvs ærespris, «Olavsrosa», kulturprisen i fylket, «Maihaugprisen» og Landbrukets Miljøpris.

Løseth takkar dei mange engasjerte personane gjennom over 40 år for den prisen foreininga no har fått. Desse personane har lagt ned tallause dugnadstimar for å klare dei oppgåvene foreininga har tatt på seg.

– Naturleg nok går tankane til Karl Mjelva i Geiranger som tok initiativet til å starte Storfjordens Venner. Saman med mellom andre Are Homlong og Helge Søvik, som framleis er svært aktive i foreininga, såg Mjelva behovet for vern og kulturminnebevaring langs Storfjorden.

Ein annan veteran er Atle Ringseth. Saman med Homlong fekk han i fjor kongens fortenestmedalje for lang og stor innsats for foreininga.

Les også:

Kan bli meir

Matvika i Sunnylvsfjorden

Matvika i Synnylvsfjorden er berre ein av mange stader som foreininga tar vare på.

Foto: Storfjordens Venner

Når Storfjordens Venner no er tildelt denne prisen, skal foreininga vere med å konkurrere om ein av dei åtte topprisane. Og difor stoppar ikkje arbeidet med dette. Foreininga er i gang med fleire prosjekt som blir avslutta i år, og nye som er klare til å bli starta opp. Dessutan er fleire under vurdering, og Løseth reknar med at fleire dukkar opp.

– Ei oppgåve vi ser behov for å engasjere oss i, er å snu attgroinga som truar med å skjule fleire av dei fråflytta gardane, fortel Løseth.

Og om to små månader er det tid for Storfjordstemnet, som i år er lagt til garden «Grova» i Liabygda i Stranda.

Sjå video:

  • Norsk dokumentarserie. Fjellhyllegardane langs Storfjorden på Sunnmøre har stått folketomme i meir enn ein mannsalder. Men så flytte Kari-Anne Nilsen opp til ein av gardane, Ytste Skotet. Første tida var ho der om sommaren og underviste born og unge om gammalt gardsliv. Seinare vart ho bufast på den veglause og straumlause garden i lag med hest og hund, eit par kattar, nokre sauer og ein flokk høner. (6:6)
  • Programmet ble første gang sendt i 1990, og handler om restaurering av fjellgardene langs fjorden.
  • Historisk program fra 1990, om livet på fjellgardane langs Storfjorden i Møre og Romsdal.