Hopp til innhold

Store tap for Farstad Shipping

Farstad Shipping i Ålesund leverte eit resultat etter skatt på minus 867,5 millionar for andre halvår. Den krevjande marknadssituasjonen får skulda.

MS "FAR SIRIUS" - Yard no: 810 by: VARD Langsten MS "FAR SIRIUS" - Yard no: 810 by: VARD Langsten
Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug, NO-6050 V

Farstad Shipping leverte måndag kveld ein rekneskap prega av å vere i hardt ver, som fleire andre reiarlag.

Driftsinntektene for første halvår er 1 562,3 millionar, men fleire tal er blodraude:

  • Driftsresultatet blei negativt med 801,3 millionar etter nedskrivingar på 862,5 millionar
  • Resultatet etter skatt blei negativt med 867,5 millionar

Jobbar med restrukturering

Karl Johan Bakken

Konsernsjef Karl-Johan Bakken seier dei arbeider med restrukturering.

Foto: Frode Berg / NRK

Farstad har ei gjeld på 11 milliardar kroner per andre kvartal, og det var venta at Farstad skulle presentere detaljane i ei restrukturering av gjelda i samband med framlegginga av resultata.

– Vi arbeider med det. Med omsyn til naturen i den typen arbeid, kan eg ikkje kommentere dette nærare, seier konsernsjef Karl-Johan Bakken til DN måndag kveld.

Utfordrande marknadssituasjon

I halvtårsrapporten heiter det at ein utfordrande marknadssituasjon er årsaka til dei sviktande inntektene, og vidare at selskapet har sett i verk omfattande spareprogram.

Farstad skriv også at selskapet har arbeidd dei siste månadene med refinansiering og framleis er i samtalar med potensielle investorar og partnarar.

Har selt fleire skip

Farstad legg fram kvartalsrapport

Farstad Shipping la fram resultat for første halvår i Rederiforbundets lokale i Oslo.

Foto: Frode Berg / NRK

Berre i dei tre første månadene av året måtte Farstad selje fire skip. Selskapet har vore i hardt ver på grunn av sviktande marknad, og sala var ikkje nok til å rette opp resultatet i reiarlaget.

I halvtårsrapporten skriv styret i Farstad Shipping at der ikkje er synlege teikn til forbetring i marknaden, og at det framleis er betydeleg uvisse rundt kor lenge det går før aktiviteten tek seg opp igjen.

– Det ser det ut for at vi må smørje oss med tålmod i allefall i nokre år, før vi er tilbake i ein sunn og godt marknad, seier Bakken til NRK Møre og Romsdal måndag kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL