Naboane har protestert kraftig, og miljøvernforkjemparane er fornøgde med stoppordren, men Vestbase meiner avgjerda er feil.
– Eg må sei eg er svært overraska over at arbeidet må stoppe opp, fortel Terje Kvisvik, eigedomssjef i Vestbase etter at arbeidet no har stoppa opp i Kristiansund.
- Les også:
Klaga på saksbehandlinga
Utvidinga av Vestbase har skapt store diskusjonar og motstridande meiningar. No har Naturvernforbundet sett ein stoppar for alt vidare arbeid med utvidinga som forsyningsbasen har jobba for sidan 2010.
– Vi kan ikkje finne at det er gjort dei nødvendige avrenningane som skal gjerast i forhold til dei retningslinjene som står i naturmangfaldlova, seier Johan Fredrik Schmedling, leiar i Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy.
Dette fekk Schmedling til å sende inn ei klage på saksbehandlinga, noko som no har stoppa arbeidet i området.
Heilt sidan Vestbase lanserte planen om ei utfylling av Vikanholmen Vest i 2010, har naboar og miljøvernarar protestert. Arbeidet blei tillaten sett i gang, men er no stoppa medan dei ventar på fleire utgreiinga og ein fullstendig reguleringsplan for området.
- Les også:
Kostnadar
Kvisvik innrømmer at opphaldet vil skaper problem.
– Forseinkingar er uheldige og kostar pengar, fortel han.
Kor store kostnadane blir er framleis usikkert.
– Fyrst må vi vite kor stor den reelle forsinkinga blir for å få ei klårleik i kor lang tid det vil ta. I tillegg må vi ha samtalar med dei involverte aktørane, fortel Kvisvik.
Likevel er han klar i talen.
– Vi kjem til å halde fokus til vi er i mål. Prosjektet skal gjennomførast
Vestbase meiner dei kan dokument at Naturvernforbundet tar feil i sin klage – og har allereie påpeikt det i sitt utsegn til fylkesmannen.
– Dei har full rett til å klage, det er eit fritt land. Men dersom det finst vurderingar og undersøkingar utan at dei er lagt ved papira, so synest eg det er rart, seier Schmedling.
- Les også: