Dei siste månadene har sjukehuset opplevd hærverk og fleire tjuveri fordi folk har spasert rett inn gjennom ulåste dører. Avdelingssjef Svein Ottesen ved Helse Nordmøre og Romsdal seier det var nødvendig å aksjonere no.
Alarmar og låste dører
Uvedkomande som spaserte rett inn har skapt uhygge på sjukehuset i Molde i vinter. Etter hærverk og fleire tjuveri er det no installert alarmsystem fleire stader. Vektarar patruljerer området på kvelds- og nattestid, og i tillegg seier Ottesen at alle ytterdører på heile sjukehuset no blir låste om natta.
Tryggleiken er heile tida under vurdering, men tiltaka har ikkje vore gjennomført før fordi sjukehuset ikkje har vore plaga med innbrot tidlegare, seier Ottesen.
Betre no
I Kristiansund har sjukehuset innført tryggleikstiltak for fleire år sidan, og har i ettertid opplevd at situasjonen blei langt betre. Ottesen seier erfaringa er den same i Molde, og at tiltaka har sett ein stoppar for uønska trafikk.