Hopp til innhold

Vil ikkje gå vidare med saka

Saka mot reketrålaren Remøy blir ikkje anka. Dommen på til saman 8,1 millionar norske kroner blir difor ståande. – Vi er dømde for ein feil som vi ikkje har gjort, seier Olav Remøy.

Remøy holdt tilbake av FSB i Murmansk

Reketrålaren blei haldt tilbake i tre veker.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Saka er oppdatert med kommentar frå Nærings- og fiskeridepartementet. Sjå nederst i saka.

Remøy Havfiske varslar torsdag at dei ikkje vil gå vidare med den betente saka i det russiske rettsapparatet. I ei pressemelding seier dei at avgjerda om å droppe anken er tatt i samråd med advokatar og norske styresmakter.

Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske

Styreleiar i Remøy Havfiske, Olav Remøy, seier saka har vore ei stor belastning.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Saka har pågått lenge og har vore og er ei stor belastning for både mannskapet og reiarlaget. Dette er ingen aksept for avgjerda, men vi har fått klare råd frå advokatane om at det vil vere vanskeleg å nå fram med saka i retten, seier Olav Remøy i ei pressemelding.

Feil ved utfylling av skjema

Skjemaet som blei feil

Feltet som Fiskeridirektoratet seier dei gløymde å fylle ut, har skapt store problem for reketrålaren «Remøy». "SHR" refererer til felleskvoten for reker i russisk sektor. Han står tom, medan det ved ein feil er fylt ut for både torsk, hyse, blåkveite og steinbit.

Foto: NRK

I mai blei det kjent at den norske trålaren blei halden tilbake av russiske styresmakter. Trålaren var på veg ut av russisk sone då russiske inspektørar kom om bord. Dei fann feil på et lisensskjema. Skjemaet som blei sendt til russiske styresmakter viste at det var søkt om fisking av tonnevis med torsk, hyse, blåkveite og steinbit, men ikkje reker, slik reketrålaren var utstyrt for.

Etter tre veker i arrest i Murmansk og forhandlingar mellom norske og russiske styresmakter fekk trålaren sette kursen heimover mot Noreg.

Etter det har saka vore behandla i det russiske rettsvesenet, og russiske styresmakter kravde 30 millionar kroner frå reiarlaget. Etter anken blei bota i midten av desember redusert til 8,1 millionar kroner.

Vil at styresmaktene skal ordne opp

Remøy Havfiske seier dei no vil gå i dialog med norske styresmakter for å avklare korleis dommen skal følgast opp vidare.

– Vi har hamna i denne situasjonen på grunn av ein feil som Fiskeridirektoratet har gjort. Vi tar det difor for gitt at norske styresmakter også tar ansvaret og ordnar opp, slik at mannskap og reiarlag får kompensert for tapet som vi har hatt som følgje av denne saka, seier Remøy.

– Dialogmøte

Nærings-og fiskeridepartementet avslår torsdag kveld å stille til intervju om saka. Men i ein e-post til NRK skriv kommunikasjonssjef Martine Røiseland at departementet tek til etterretning at reiarlaget og kapteinen ikkje vil anke avgjerda i det russiske rettssystemet.

– Reiarlaget har bede om ein dialog med staten, og det vil dei få. Denne dialogen bør starte når saka er endeleg avgjord og ferdig i Russland. Dette vil vi difor kome attende til, skriv Martine Røiseland.