Hopp til innhold

Ankar bota på 30 millionar

Remøy Havfiske ankar bota på 30 millonar kroner som selskapet fekk etter å ha blitt halden i arrest i Murmansk i mai.

Remøy holdt tilbake av FSB i Murmansk

Det blei lange dagar for mannskapet som blei haldne tilbake i Murmansk i mai.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Feil i eit skjema førte tidlegare i vår til at fiskebåten Remøy blei halden i arrest i fleire veker. Først etter lange forhandlingar der mellom anna UD var involvert, blei båten frå Sunnmøre sett fri, men for kort tid sidan sende russarane krav på 30 millionar kroner.

No ankar Remøy Havfiske.

Det stadfestar advokaten til selskapet.

Richard Bjerk

Advokat Richard Bjerk stadfestar at Remøy Havfiske ikkje godtek kravet frå russiske styresmakter på 30 millionar kroner.

Foto: Wikborg Rein

Den fullstendige dom blei mottatt 28. juli. Den vil bli anka før 10-dagars-fristen, skriv advokat Richard Bjerk, som representerer Remøy Havfiske.

Reketrålinga i russisk sektor i mai skjedde altså utan godkjenning, og russarane varsla allereie då at dei såg svært alvorleg på saka.

Umiddelbart kom kravet om 90 millionar i kausjon, og i juli blei det klart at russiske styresmakter kravde 30 millionar kroner i ettertid.

No blir altså dette anka.