Hopp til innhold

Unge til foreldrekrisemøte: – Dei vaksne bør ta initiativ

Over tre tusen foreldre møtte opp på eit rekordstort krisemøte i Bergen. Foreldre må snakke meir med barna sine, meiner dei unge.

Ikke vær naiv står det på hovedplakaten for foreldrenes engasjement.

KRISEMØTE: Ikkje ver naiv står det på hovudplakaten for krisemøtet for foreldre.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Det er veldig mykje festing og mange unge byrjar i tidleg alder, seier Aksel Bøe Lyngstad (17).

Over fire tusen foreldre og føresette til elevar på ungdomsskuletrinna og første vidaregåande blei inviterte til krisemøte av aksjonsgruppa «Foreldreaksjonen for en tryggere ungdomstid i Bergen Sør».

På møtet fortalde ungdommar om utfordringane for dei som bur i området.

– Me prøver å fortelje foreldre kva dei bør seie til barna sine, kva type prat dei bør ha, seier Aksel Bøe Lyngstad.

Ketil Eide (17) synest ikkje at det er ungdommane sjølve som bør ta initiativ for at dei vaksne skal vere nettopp dei vaksne:

– Dei vaksne bør ta initiativ.

Eide meiner mange unge lærer frå eldre søsken og at dei som festar blir yngre og yngre.

– Det som kan gjerast er at foreldre snakkar med barna sine, seier Eide.

Aksel Bøe Lyngstad (17) går på Slåtthaugen VGS

Aksel Bøe Lyngstad og Ketil Eide (17) går på Slåtthaugen VGS og er på krisemøtet for å snakke til foreldre og føresette.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Stort oppmøte

Før møtet hadde over tusen personar meldt at dei skulle kome, og i tillegg hadde 800 meldt interesse.

Over tre tusen møtte opp, og interessa var så stor at møtet blei delt opp i fire. Møtet varte til slutt i nesten fire timar.

Cathrine Lutro i Foreldreaksjonen seier det er det viktig å få fram at tenåringsforeldre ikkje må vere naive.

– Me må få ei realitetsorientering om kva som skjer i ungdomsmiljøet. Me må kople oss på, og tore å ta innover oss og erkjenne at det gjeld våre eigne barn. Me må prate med ungdommen. Også om det som er vanskeleg, seier Lutro.

Cathrine Lutro, leder for Natteravnene på Nesttun

Cathrine Lutro er leiar for natteramnane på Nesttun og initiativtakar til krisemøte i regi av Foreldreaksjonen. 

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Lutro meiner det er viktig at foreldre ser at dei ikkje står åleine.

– Viss me ser oss rundt er me mange som kan vere med og skape endring. Å ha kontakt med andre foreldre er kjempeviktig, seier Lutro og understrekar at vaksne skal vere tydelege vaksne som gir omsorgskjensle og tydelege råd.

Fullt hus på folkemøte i Fana

Det var fullt på første av fire møte i Fana Arena.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Byrådsleiaren bekymra for utviklinga i Bergen

Då politiet skulle summere opp tala frå 2023, såg dei ein stor auke i ungdomskriminalitet landet over. Særleg vald og vinningskriminalitet blant unge hadde auka kraftig, dette med 28 prosent frå 2022.

Byrådsleiar i Bergen, Christine Meyer (H), møtte opp på krisemøtet, og seier foreldra har ei nøkkelrolle og synest det er flott at foreldra har tatt initiativ til møtet.

– Klarer foreldra å mobilisere, så er me ikkje kvitt problemet, men me er veldig langt på veg med å ha mobilisert noko som er viktig, seier Meyer.

Ho er bekymra over utviklinga:

– Sjølvsagt bekymrar det meg, og det bekymrar meg også at det er så unge ungdommar, heilt ned i 12-13-årsalderen som debuterer med første kriminalitet, gjerne med å stele i ein butikk eller noko slikt, seier Meyer.

– Politiet og me trur no at viss me set inn tiltak no, så kan me klare å stoppe det før det blir verre, seier Meyer.

Fullt hus 2 i Fana

Det var mange på begge sider av hallen på første møte.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Betaler for lærdom i København

Før krisemøtet opplyste Meyer at Bergen Høgre betaler ein tur ho hadde til København i desember. Dette i staden for at denne blir dekka av kommunen.

På turen drog ho til København saman med nasjonale Høgre-toppar for å lære om arbeid mot ungdomskriminalitet. Bergen kommune betalte reiserekninga hennar på 22.000 kroner, og Meyer har tidlegare svart at ho deltok som byrådsleiar.

Byrådsleder Christine Meyer (H) på folkemøte i Fana

Byrådsleiar Christine Meyer (H) møtte opp på krisemøte.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Bakgrunnen for at Høgre no betaler, skriv ho, er at ungdomskriminaliteten har auka med 40 prosent på eitt år i Bergen, og at Bergen Høgre difor tok kontakt med leiinga i dei største byane for å spørje om dei var interesserte i å besøke København.

Etter kritikk frå fleire part betaler Bergen Høgre turen.

– Noko av det viktige me lærte i København er dette viktige samarbeidet som har vore mellom kommunen og politiet gjennom veldig mange år, seier Meyer.

Les også Fleire tusen foreldre kalla inn til krisemøte

Ungdommar tok seg inn i dette tomme bygget i Sandslimarka