Hopp til innhold

Bekymra for nye russeforslag: – Øydelegg tradisjonen

No kan det bli slutt på hard festing rett før eksamen.

Cecilie Risa Hjortland, Tuva Andreassen Jonassen og Dina Tomine Stangeland Osberg

Russejentene frå Stavanger er ikkje heilt overbevist over forslaget om å flytte russetida.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK ROGALAND

– Det er dumt at dei øydelegg tradisjonen. Det er ein del av russetida.

Det seier kommande Stavangerruss, Cecilie Risa Hjortland.

Ho er skeptisk til forslaget til kunnskapsministeren om å flytte russetida til etter eksamen.

– Det er positivt med tanke på karakterane, men det er kjipt å ikkje få oppleve det tidlegare russ har fått vere med på, seier Hjortland.

Cecilie Risa Hjortland, Tuva Andreassen Jonassen og Dina Tomine Stangeland Osberg inni russe-bussen sin i Sandnes.

FORBEREDER: Russejentene frå Stavanger fikser på bussen sin før årets russetid.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK ROGALAND

Venninna Dina Tomine Stangeland Osberg liker korleis russetida har vore i alle år.

– Det er ein heilt eiga tid på året, og heilt perfekt som dei gjorde det i fjor.

Likevel er dei ikkje heilt negative til det nye forslaget. Dei har trua på at det kan føre til ei mindre stressande russetid, med fokus på det morosame.

– Det er kjipt at eksamen er i russetida, når du berre vil feste og ha det gøy, seier Jonassen og legg til:

– Du må sitte på skolebenken og prestere, som er vanskeleg når du fokuserer på noko heilt anna.

Russ 2016

Fylka jobbar for «meir positiv» russetid.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Russefeiringa har kjernetida si i maidagane

Russerådet er positive til flytting av feiringa for neste skoleår, skriv Bjørn Lyngedal i Vestland fylke til NTB.

Fleire andre fylke melder om same haldning, både hos russen og i skuleleiinga i fylket.

Russebusser i alle farger, i Kongeparken utenfor Stavanger.

Russebusslivet kan få høgare vårtemperatur framover.

Foto: Carina Johansen / NTB

Både Møre og Romsdal, Rogaland og Trøndelag fylkeskommune oppfordrar til å flytte festinga.

– Russefeiringa i Trøndelag har kjernetida si i maidagane, seier direktør for utdanning Vegard Iversen i Trøndelag fylke og legger til:

– Vi har eit ønske om å utsette russetida til etter eksamen og samarbeider nasjonalt for å få dette til, seier direktør for utdanning Vegard Iversen i Trøndelag fylke.

I Molde er andreklassingane Emma Slettahaug, Sunniva Ese og Sara Skarvøy delte.

– Det er dumt fordi det er tradisjon med feiring i mai, så skal det flyttas fordi nokre vaksne er bekymra, seier Sara (17).

– Fordelen er at me kan gå med russekleda lenger, seier Sunniva (17).

Dei er også positive til auka sjansar for eit varmare vêr under festinga.

Kunnskapsministeren støttar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner at russefeiringa bør skje etter eksamen.

– Så vidt eg veit er det ingen land i heile verda som feirar avslutta skolegang før eksamen. Det er på tide at nokon følger etter, seier ho.

Nordtun meiner det er viktig at russefeiringa ikkje er så dominerande for kvardagen til russen, og at læring bør vere deira fokusområde.

– Så kan dei feire etter 13 års skolegang etter eksamen, seier ho.

Russefeiring 2021

Det er ikkje vinkinga fylka vil til livs.

Foto: LISE ÅSERUD

I tillegg til å flytte russetida har ho tidlegare bede fylka om å vurdere forbod mot russeklede når det fører til ekskludering.

– Vi håpar å få til ei gradvis endring i tidspunktet for russetida, siger rådgivar Hilde Blesvik i Rogaland fylkeskommune, som jobbar i eit nasjonalt prosjekt for ein meir inkluderande og positiv russetid.

Russ 2022

Drikking blir det nok for mange uansett.

Foto: Lise Åserud / NTB

Noko skepsis

Også i russehovudstaden Oslo blir det jobba for å få flytta russetida.

– Dette er noko både skuleleiinga og elevar ønsker, og vi ser nå på korleis dette kan løysast i Oslo. Men vi håpar det kan bli mogleg neste år, seier direktør Marte Gerhardsen i Utdanningsetaten til NTB.

Bør russetida flyttast?

Ingen av fylkeskommunane stiller seg direkte negative til å flytte russetida, men Finnmark trekker fram noko skepsis blant skolar og elevar.

– Nokon skolar ønsker at det er slik det er nå, men ser utfordringa med gjennomføring av eksamen, og dessutan vêrforhold, seier rådgivar Lill Beathe Johansen i skoleseksjonen.

I Troms blir russefeiringa gjennomført som normalt på våren i år, med unntak i Tromsø der russefeiring startar 1. juni.

– Denne seinare oppstarten har elevane i Tromsø gode erfaringar med, og Tromsø blir ofte trekt positivt fram nasjonalt når seinare oppstart av russefeiring blir diskutert, seier Øyvind Hermann Endresen i fylkeskommunen til NTB.

Nokre har tent gode pengar på russen.

Nokre har tent gode pengar på russen.

Faksimile: Tix på sosiale medier

Kritisk til kommersielle aktørar

Fleire fylke ber også om strengare regulering av dei kommersielle russeselskapa.

– Skolane kan ikkje regulere det som skjer utanfor skoletida, og nasjonale myndigheiter bør sørge for ei sterkare lovregulering av dei kommersielle aktørane, seier Liv Marit Hansen i Vestfold fylkeskommune.

Også fylkessjef for utdanning i Telemark, Helge Galdal, er kritisk til måten aktørane opererer på.

– Det er på høg tid at nokon får bukt med dei sterke kommersielle kreftene som syg pengar frå elevane og bidrar til ekskludering og utrygge rammer for avslutningstida av 13 års skolegang, seier han.

Russegenser

Russegenserar kan bli forbode.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga