Hopp til innhold

Splitta i synet på kommunereforma

Synet på kommunereforma var ulikt, men engasjementet var det same, då næringslivsleiarar og politikarar møttest for å diskutere kommunereforma.

Synet på kommunereformen var ulikt - men engasjementet det samme - da næringslivsledere og politikere møtte fylkesmannen til frokostmøte i Kristiansund i dag.

Sjå tv-saka: Det var mange delte meiningar om kommunereforma under tysdagens møte på Nordmøre.

Det vakte stort engasjement då kommunereforma blei diskutert på Nordmøre tysdag. Langt fleire enn venta hadde møtt opp til næringslivets frukostmøte om kommunereforma.

Med fylkesmann Lodve Solholm som statens representant, skulle både næringslivsleiarar og politikarar få kome med sine spørsmål og synspunkt. Og dei frammøtte var langt frå einige. Medan nokre var svært positive i forhold til kommunereforma, var det andre som var meir i tvil om kva fordelar ei slik reform vil ha.

Stor nok?

Som ordførar for 1560 innbyggarar i Halsa kommune, leiar Ola Rognskog (Sp) ei kommune som regjeringa meiner er for liten. Sjølv meiner han at kommunen er akkurat passe stor.

– Vi løyser oppgåvene våre godt slik som ting er i dag. Vi gjer det godt på kommunebarometeret og har god kontroll på økonomien vår, seier han.

Rognskog meiner det er spesielt viktig å hugse å stille dei kritiske spørsmåla i ein slik debatt.

– Eg føler nesten at vi har blitt tredd denne reforma over hovudet på oss. Då er det viktig å utforske alle sidene ved reforma, seier han.

Og det gjør Rognskog til ein av dei som var kritisk til reforma på dagens møte.

det er viktig å bidra med kritiske spørsmål til ei reform som eg nesten føler har blitt tredd over hovudet på oss

Positivt næringsliv

I den andre enden av skalaen finn ein næringslivet som ser eit behov for å styrke regionen som arbeidsmarknad. Jan Roger Bjerkestrand, administrerande direktør i GC Rieber Oils, Kristiansund, er positiv til ei kommunereform.

– Vi står svekka etter sjukehussaka med tap av mange arbeidsplassar. I tillegg har vi utfordringar i forhold til ein oljeindustri som slit, seier han.

Bjerkestrand meiner kommunereforma kan bidra til å skape større moglegheiter på Nordmøre.

– Vi har masse utfordringar i forhold til eit lite, skjørt og einsretta næringsliv. Så vi må bruke kommunereforma no som ei moglegheit, meiner han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL