Hopp til innhold

Positivt møte om kommunesamanslåing

Både store og små kommunesamanslåingar kjem økonomisk godt ut i ein rapport laga for kommunane i Romsdal. Måndag var 280 personar samla i Molde for å diskutere utfordringar og erfaringar med samanslåing.

Møte om kommunereform Rica Seilet i Molde

280 personar var samla i Molde måndag kveld for å diskutere utfordringar ved kommunesamanslåing.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dette er ein kunnskapsformidling der målet er å få til ein samfunnsdebatt om framtida for kommunane, seier Torgeir Dahl.

Forskar Anja Hjelset

Forskar Anja Hjelset i Telemarksforsking har utarbeidd ein rapport om dei ulike alternativa for ROR-kommunane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han er styreleiar i Romsdal Regionråd, som arrangerte møtet, der Telemarksforsking presenterte ein rapport om økonomi og berekraft i kommunane i regionen. Forskar Anja Hjelset seier dei har sett på mange alternativ.

– Vi ser at på økonomi så kjem både store og små alternativ godt ut, for eksempel kjem alternativet med heile romsdalsregionen godt ut, men også alternativet med berre Molde og Aukra eller berre Nesset og Sunndal, seier ho.

– Så det er vanskeleg å seie eintydig at det er forskjell mellom stort og smått.

– Vil ikkje gå for ROR-kommune

Bernhard Riksfjord

Bernhard Riksfjord er ordførar i Aukra.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ikkje overraskande er det samanslåingar der gass-kommunen Aukra er med som kjem best ut økonomisk. Aukraordførar Bernhard Riksfjord er likevel ikkje lysten på å ha for mange med i ein framtidig kommune.

– Eg trur ikkje det er så mange som har tru på ein storkommune i regionen. Eg trur vi må halde det på eit anna nivå, til dømes har vi snakka med Midsund lenge. Og inntil noko anna er bevist, trur eg det kan bli ein god kommune.

Vestnes held døra på gløtt

Geir Inge Lien

Geir Inge Lien er ordførar i Vestnes.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi ligg strategisk plassert og vil halde vegen open både mot Sunnmøre og Romsdal. Det har kommunestyret avgjort, og det er nok fornuftig.

Det seier vestnes-ordførar Geir Inge Lien.

No sa kommunestyret nei til ein storkommune på Sunnmøre, men vi ser på fleire alternativ med nabokommunane, seier han.