Hopp til innhold

Spennande arkeologiske funn på Mørekysten

Arkeologar har funne spor etter fangstanlegg frå 300-talet. Men ingen veit om det er fugl eller fisk vikingane har fanga.

Arkeolog Heidi Haugene og Heidi

Arkeologane Heidi Haugene og Heidi Eltoft studerer og diskuterer funna på Giske.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Øya Giske er full av spor frå gamal tid. Denne gongen skulle det leggast nye vassrøyr. Men før arbeidet kunne ta til måtte arkeologane få sleppe til. Og det grundige arbeidet til arkeologane har gjeve resultat.

– Her er det éin og der er det ein annan, seier arkeolog Heidi Haugene og viser med murskeia som ho brukar når ho grev til sides grus og myrjord.

Myrpinnar myrpinner arkeologiske funn Giske

Arkeolog Heidi Eltoft viser fram ein av dei mange myrpinnane som er funne på Giske. Dei er om lag 30 centimeter lange.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Fangstanlegg

Opp av jorda grev dei fram pinne etter pinne. Pinnane er om lag 30 – 35 centimeter lange og 5 centimeter breie. Og dei tett i tett over eit stort område. Mange stader er det berre 5 centimeter mellom kvar pinne. Arkeologane trur dei har funne spor etter eit anlegg som har vore brukt til fiske eller fangst. Funna er gjort i eit myrområde der det for mange hundre år sidan kan ha vore eit vatn.

– Vi ser tydeleg at pinnane er bearbeidde med øks. Nokre pinnar er brende i den eine enden slik at dei ikkje skal rotne.

Pinnane er spisse i begge endane. Og i eine enden er dei forma som ein krok.

– Det kan det ha vore festa noko i eit slags bast eller eit reip, seier Haugene til NRK.

Arkeologiske funn Giske

Det skal leggast vassrøyr i området. No skal arkeologiane finne ei løype slik at vassrøyra ikkje skal kome i konflikt med funna.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Kan ha fanga ål

Pinnane står på rekke og rad og dei står i to rekkjer. Det dei har funne no er framhaldet på ei rekkje som blei funnen i 2012. Funnet som blei gjort i 2012 er datert til år 600 etter Kristus. Funnet blir sett på som svært viktig fordi treverket er godt bevart.

– Det er eit fangstanlegg, men det er ein diskusjon om det er brukt i fangst etter fugl eller fisk. Dei kan ha fanga ål. Men samstundes ser ein jo at ålen kan ha kome seg mellom desse pinnane. Men det kan også ha vore fuglefangst som har gått føre seg her, seier arkeologen.

Slike funn har blitt datert heilt tilbake til steinalderen. Nokre tilsvarande funn er frå bronsealderen, jarnalderen og heilt opp i middelalderen.

Arkeologiske funn Giske

Funna er gjort over eit stort område på Giske.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Eit massivt, stort anlegg

Den første delen av funnet var 82 meter langt og ligg 40 meter unna funnet som er gjort no. Og alt tyder på at anlegget held fram vidare ut over det som er grave fram no.

– Det betyr at dette er eit massivt stort anlegg, seier Heidi Haugene.

Arkeologane vil no peike ut ei løype der dei planlagde vassrøyra kan leggast utan å kome i konflikt med funna. Både riksantikvaren og fylkesgeologen er med i dette arbeidet. Området blir mest sannsynleg dekt til for å verne det for framtida.