Hopp til innhold

Spelte vekk pengane til psykisk utviklingshemma fosterdotter

Ei fostermor i Møre og Romsdal klarte ikkje å motstå freistinga, men rundstal fosterdottera som budde hos familien. Pengane gjekk til gambling på nettet.

Resepsjon Frostating lagmannsrett Ålesund Sunnmøre tingrett

Fostermora la alle kort på bordet i retten og har betalt tilbake pengane ho tok frå fosterdottera si. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Den speleavhengige fostermora forklarte i retten at ho var i si eiga boble, då ho forsynte seg av pengane til den psykisk utviklingshemma fosterdottera si.

Ved hjelp av bank-ID-en til fosterdottera klarte ho å lure tre ulike bankar til å betale seg ut tusenvis av kroner – utan at dottera ante kva som gjekk føre seg.

– Det må jo vere ein tragedie for alle involverte, seier Jens Petter Gitlesen i Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

Var på desperat jakt etter pengar

Fostermora ønskjer ikkje kommentere saka overfor NRK, men under rettssaka nyleg forklarte ho om millionlån og eit desperat ønskje om å skaffe pengar til gambling på nettet. Dette medførte at ho ikkje var så fornuftig som ho vanlegvis ville vore.

Politiadvokat Hilde Haugen

Politiadvokat Hilde Haugen omtalar saka som alvorleg.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sidan ho var verje, var det ho som styrte økonomien til dottera.

Retten meiner fostermora sin framgangsmåte er spesielt alvorleg fordi dottera er ein særleg sårbar person.

– Det er eit klart tillitsbrot og det ser vi alvorleg på. Den som er verje skal vareta interessa til nokon som sjølv ikkje kan gjere det, seier politiadvokat Hilde Haugen ved Møre og Romsdal politidistrikt.

– Nærast fritt fram

Jan Petter Gitlesen i Norsk Forbund for Utviklingshemmede seier det er svært vanskeleg å vurdere eventuelle mørketal i saker der verjer utnyttar verjehavarar.

Leder i Norsk forbund for utviklingshemmede, Jens Petter Gitlesen

Jens Petter Gitlesen i Norsk Forbund for Utviklingshemmede seier det er vanskeleg å vurdere eventuelle mørketal, fordi personar under verjemål ofte ikkje sjølv kan rapportere om misleghald.

Foto: NRK

– Ofte vil ikkje personar under verjemål kunne rapportere om misleghald eller ulovleg overstyring. Dersom personen under verjemål ikkje har andre som følgjer med og varslar, så er det nærast fritt fram, seier han.

Han viser også til Riksrevisjonen si undersøking i 2018, som viser at verjemålsmandatet er uklart og med varierande grad av kontroll.

Hans Jørgen Hægh i Profesjonelle Vergers Interesseorganisasjon skriv i ein epost at faren for underslag er svært liten, og viser til at verjene blir kontrollert av statsforvaltaren.

Må i fengsel

Fosterdottera i Møre og Romsdal kom til familien allereie då ho var seks år gamal, og har budd hos dei i over 20 år. I etterkant av underslagssaka har ho flytta ut, og har fått ny verje, men har framleis kontakt med familien.

No må kvinna i 40-åra i fengsel i 45 dagar. Ho har betalt tilbake dei 90 000 kronene ho tok frå fosterdottera.

Kvinna har lagt alle kort på bordet, betalt tilbake pengane og ønskjer ikkje å kommentere saka. Den nye verja til fosterdottera ønskjer heller ikkje å kommentere saka.