Hopp til innhold

Solstad om Rem-oppkjøpet: – Ei styrking av arbeidsplassane

Solstad-direktør Lars Peder Solstad seier dei Rem-tilsette ikkje treng frykte for framtida. Han meiner oppkjøpet av Rem er ei styrking, ikkje ei svekking av arbeidsplassar i Herøy.

Lars Peder Solstad

Lars Peder Solstad er administrerande direktør i rogalandsreiarlaget Solstad.

Foto: NRK

– Oppkjøpet i dag betyr at vi styrkar miljøa og trygger arbeidsplassane, seier Lars Peder Solstad til NRK.

Han avviser at oppkjøpet vil føre til omfattande oppseiingar.

– Tanken er jo at vi skal drive meir effektivt og hente ut synergiar mellom selskapa, men eg vil seie at arbeidsplassane er tryggare med denne fusjonen enn utan.

– Kva vil du seie til dei tilsette i Fosnavåg som fryktar for arbeidsplassane sine?

– Vi har hatt ein god dialog, og har blitt samde om at delar av driften skal vere der. Så det vil nok framleis vere eit stort og aktivt driftsmiljø i Fosnavåg.

Torsdag morgon blei det klart at reiarlaget, der Røkke-eigde Aker er ein av eigarane, kjøper opp det gjeldstynga selskapet i Herøy. Dei tilsette blei orientert då dei møtte på jobb.

– Eit tvangsekteskap

Oppkjøpet kjem kort tid etter at Solstad kjøpte seg opp i børsnoterte Rem Offshore og blokkerte eit forslag til refinansiering. Remøy har kjempa hardt for å behalde kontrollen over selskapet han har bygd opp, og karakteriserer i dag løysinga som eit tvangsekteskap.

Leiaren i reiarlaget REM Offshore i Herøy, Åge Remøy

Åge Remøy har jobba for å finne andre løysingar for selskapet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dette er ikkje ei løysing eg har ønska, men når vi først skal inngå i eit slikt tvangsekteskap, er Solstad eit godt reiarlag, seier han til NRK.

Har ambisjonar om å bli større

– Vi har lenge vore tydelege på at det trengs ein konsolidering i bransjen, og dette var eit godt høve, seier Solstad.

Han stadfester at selskapet skal behalde delar av aktiviteten i Fosnåvåg, ved at oppgåvene blir fordelt. Basen på Karmøy skal drive med ankerhandteringsfartøy og subsea, medan forsyningsskipa skal ha base i Herøy.

Solstad utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt med fleire oppkjøp.

– Vi har ikkje lagt skjul på at vi har ambisjonar om å gjere meir, seier han.

– Betyr det at det kan bli fleire oppkjøp eller fusjonar?

– Vi har i alle fall sagt at vi inviterer dei andre som har interesse av å snakke med oss.

– Betyr det at de også de er i dialog med andre?

– Det kan eg ikkje kommenere.



.