Hopp til innhold

Meistrane møttest i Molde

I dag møttes Ole Gunnar Solskjær og Ada Stolsmo Hegerberg på Aker stadion. Solskjær huskar godt Stolsmo Hegerberg som tenåring og såg potensiale hennar allereie då.

Ole Gunnar Solskjær og Ada Hegerberg

Ole Gunnar Solskjær og Ada Hegerberg møttast første gong på talentsamling for åtte år sidan. Då såg Solskjær at ho hadde ambisjonar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Då kvinnelandslaget tysdag kveld budde seg til kampen mot Kazakhstan på Aker stadion, møttest Ada Stolsmo Hegerberg og Ole-Gunnar Solskjær. Dei har fleire ting til felles. Solskjær vann Mesterligaen med Manchester United i 1999 og Ada gjekk til topps i vår med Lyon. Ho vart også nyleg kåra til Europas beste kvinnelege spelar.

Moldetrenaren var tidleg klar over talenten hennar. Som tenåring deltok ho på Statoilakademiet der Solskjær var instruktør. Akademiet samla tenåringstalenta, og Solskjær hugsar henne godt.

– Eg såg det tidleg at det var ei som ville opp og fram, hadde ambisjonar og var svært medviten og bestemt, seier Solskjær.

Hadde prestasjonsangst

Hegerberg hugsar at ho hadde prestasjonsangst då Solskjær ville at ho skulle vise dei andre på gruppa ei finte og at ho ikkje fekk det til.

– Det har jo gått bra etter kvart, ler Solskjær. Han fylgjer nøye med på prestasjonane til Hegerberg og synest det er artig alt ho har fått til.

LES OGSÅ:

Spår siger

Solskjær fulgte med på kvinnene si trening tysdag og såg mykje bra fotball. Han spår siger mot Kazakhstan på torsdag.

Det trur også Ada Hegerberg på.

– Det burde bli siger. Med dei ambisjonane vi har er det ikkje noko tvil om at vi skal slå Kazakhstan og Israel, seier Stolsmo Hegerberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL