Hopp til innhold

Hegerberg årets spelar i Europa: – Eg kan alltid bli bedre

Norske Ada Stolsmo Hegerberg danka ut alle konkurrentane, og blei kåra til årets beste spelar i Europa.

FBL-EUR-TROPHY

GJEV PRIS: Ada Stolsmo Hegerberg blei kåra til årets beste spelar i Europa.

Foto: VALERY HACHE / Afp

– Eg kan alltid bli bedre, det stoppar ikkje her, seier Hegerberg.

21-åringen var ein nøkkelspelar i jubelsesongen til franske Lyon i fjor. Ho skåra 54 mål på sine 34 kampar i løpet av sesongen, og blei toppskårar i meisterligaen med 13 mål.

Det vart ho lønna for i dag, då ho vann prisen for årets beste spelar i Europa.

– Det var ein ambisjon for oss å vinne alle trofea denne sesongen, og det klarte me. Å stå med dette trofeet til slutt er heilt utruleg, sa Hegerberg på scena.

Saman med laget sitt, Lyon, vann ho både ligaen og cupen i Frankrike, samt meisterligaen.

Toppskårar

– Dette er berre byrjinga. Eg er svolten på å forbedre meg, og eg skal jobbe med detaljane for å bli bedre for kvar dag og kvar sesong, seier den norske landslagsspelaren.

Hegerberg var nominert til prisen i lag med lagvenninne Dzsenifer Marozsan og tidlegare lagvenninne Amandine Henry.

Ada Hegerberg

JUBEL: Ada Hegerberg hadde mykje å juble for i fjorårssesongen.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Journalistar frå UEFAs 55 medlemsland har stemt fram fotballspelarane til prisen, som blir delt ut for fjerde gong. 20 journalistar var med i utvalget, og heile 13 av dei stemte på Hegerberg. Henry fekk fire, medan Maroszan fekk tre stemmer.

– Å stå her med dette trofeet er ei stor ære. Eg er veldig nøgd. Det er ei utruleg kjensle, seier Ada Hegerberg.

Laster Twitter-innhold

– Glad ho er norsk

Norges landslagssjef, Roger Finjord, er svært stolt over Hegerberg.

– Dette er eit stort og stolt augeblikk for Norge. Me er veldig glad for at Ada er norsk, og at ho spelar for Norge.

Finjord trur også at prisen ikkje gjer at Hegerberg slakkar av, men at ho derimot vil bruke den som motivasjon for å bli endå betre.

– Ada vil alltid utvikle seg. Ho vil ta denne prisen som inspirasjon til å bli betre og ikkje som ei sovepute.

Landslagssjefen meiner også at dette stadfestar Norges posisjon som fotballnasjon i verda.

– Det er ein kjempeinspirasjon for norsk fotball, og det viser at me skal vere med der prisar blir delt ut, både på individ- og lagnivå.

Ronaldo vann herreklassen

I herreklassen var Antoine Griezmann, Gareth Bale og Cristiano Ronaldo nominert. Der var det sistnemnde som gjekk av med sigeren.

Ronaldo skåra blant anna 35 mål på 36 kampar då Real Madrid kom på andreplass i La Liga i fjor, og var ei viktig brikke då Real vann meisterligaen. Han vann også EM med Portugal, sjølv om han måtte ut på båre i finalen.

Han skåra totalt 51 mål i alle turneringar.

FBL-EUR-TROPHY

KYSS: Cristiano Ronaldo kyssa trofeet på scena.

Foto: VALERY HACHE / Afp

Siste nytt

  • Gulliksen usikker før den svenske cupfinalen

    Tobias Gulliksen måtte stå over Djurgårdens 1-0-seier over Gais grunnet en skade i kneet søndag kveld. Dermed står cupfinalen i fare for nordmannen.

    – Det har litt bedre, men vi får se. Kneet er hovent, så vi sjekker i morgen, sa han til Aftonbladet.

    Gulliksen var ikke med i kamptroppen etter at han pådro seg en skade. Allerede er det duket for cupfinale mot Erik Botheims Malmö.

    Europa conference leauge 2023/2024 : Bodø/Glimt - Ajax (1-2 e.e.o.)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal