Hopp til innhold

Solskjær i samtalar med Molde

Molde fotballklubb stadfestar at dei vil snakke med Ole Gunnar Solskjær med tanke på trenarjobb i klubben.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær har kjøpt nytt hus i Kristiansund og kan vere på veg til trenarjobb i Molde

Foto: Tor Richardsen, Scanpix, Richardsen, Tor

Ifølgje avisa Tidens Krav skal dei første samtalane mellom Solskjær og Molde fotballklubb alt vere i gang. MFK treng ny trenar til neste sesong, i og med at vikartrenar Uwe Rösler gir seg ved sesongslutt.

- Er klar

Det er styreleiar i Molde fotballklubb, Eirik Berg, som stadfestar kontakten overfor avisa Tidens Krav.

– Vi vil meir enn gjerne snakke med Solskjær, seier Berg. Solskjær sa sjølv nyleg til TV2 at han er klar for å snakke med Molde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Heime på haustferie

Ole Gunnar Solskjær er for tida heime i Noreg på haustferie. I Kristiansund har han også kjøpt seg nytt hus. Dette huskjøpet sette ny fart i spekulasjonane om Solskjær hadde tenkt seg heim

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL