Ole Gunnar Solskjær framstår no som ein heit kandidat som ny trenar for Molde fotballklubb. Direktør Tarje Nordstrand Jakobsen stadfestar at dei kjem til å ha samtalar med Solskjær.
Molde-direktør Tarje Nordstrand Jakobsen stadfester at dei vil ha samtalar med Solskjær.
Foto: Arne Flatin / NRK– Det vi har kommunisert er at Molde fotballkubb oppfattar Ole Gunnar Solskjær som «inviterande» i eit intervju han har gitt. Då er det naturleg at vi tek kontakt og spør om vi kan ta ein prat, seier Molde-direktør Tarje Nordstrand Jakobsen.
– Spekulasjonar
Tarje Nordstrand Jakobsen karakteriserer dagens oppslag om Ole Gunnar Solskjær som spekulasjonar. Han vil ikkje seie noko om Solskjær toppar ei ønskjeliste eller ikkje.
– Vi kjem til å annonsere resultatet av prosessen når arbeidet med å tilsetje ny trenar er ferdig. Før den tid kjem vi ikkje til å stadfeste eller avkrefte noko som helst. Vi seier ikkje noko om kandidatar, ei eventuell rangering av kandidatar eller noko i den retning før resultatet er klart, seier Jakobsen.
Mange meiner å vite
VG skreiv sist veke at Molde-sponsor Kjell Inge Røkke ønskjer at Solskjær skal få jobben som trenar. No skriv avisa
at Molde alt har starta samtalane med Solskjær.– Det er vel gjerne slik at mange ser for seg og ønskjer at lokale trenar-størrelsar skal vere aktuelle. Det er ikkje unaturleg. Styra i Molde fotballklubb og Molde fotball AS er sjølvsagt involverte i prosessen. Dette er på same måte som dei er involverte i andre sentrale tilsetjingsprosessar, seier Jakobsen.