Hopp til innhold

Søket held fram i dag

Leitemannskapet i Ålesund vil i løpet av morgontimane ta opp att søket i Fjelltunvegen 31.

Søket starter
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Stabssjef i Sunnmøre Politidistrikt, John Kåre Flo

Stabssjef, John Kåre Flo.

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Vi jobber vidare i det håpet at vi skal finne alle som er sakna i bygget. Om vi kjem i mål i dag har vi ikkje spekulert i, seier stabssjef i Sunnmøre Politidistrikt, John Kåre Flo.

Jobbar systematisk

- Vi jobbar systematisk og får med oss alt. Meininga er at vi også skal søke gjennom heile området før vi gir oss, seier stabssjefen.

Får hjelp til identifisering

Gårsdagens søk endte med at ein person vart henta ut av huset og brakt til Ålesund sjukehus.

- Det vil bli starta identifisering av vedkomande og vi verntar representantar frå identifiseringsgruppa til Kripos som skal bistå oss med identifiseringa, seier Flo.

Meter for meter

Øydeleggingane inne i bygget gjer arbeidet vanskeleg og farleg for leitemannskapet.

- Vi er ikkje kome langt nok i arbeidet til at vi kan seie noko med sikkerheit om korleis det ser ut over det heile. Vi må jobbe oss fram meter for meter. Det tek tid og det er store utfordringar.