Hopp til innhold

Midt på natta blei heimen til eit katastrofeområde

ÅLESUND (NRK): – Eg blir aldri kvitt det, om eg så flyttar til Australia så ligg dette i hovudet, seier Jan Olav Henriksen. Han var ein av 15 personar som redda seg ut i live den dramatiske natta i Ålesund for 10 år sidan. Fem personar mista livet

Fjelltunulukka

Det var 20 personar inne i bustadblokka i Fjelltunvegen 31 då raset gjekk 26. mars 2008.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Klokka var 3.45 natt til 26. mars 2008. Naudmeldesentralen i Ålesund fekk inn ei alarmerande melding. Bustadblokka i Fjelltunvegen 31 hadde kollapsa. Folk var stengt inne.

– Eg trur det er eit jordskjelv, sa innringaren.

Her kan du høyre lydopptak frå dei dramatiske minutta.

Fem menneske miste livet

På dette tidspunktet var det ingen som hadde oversikt over kva som hadde skjedd. Men det var dramatisk og kaotisk. Seinare viste det seg at ei steinblokk på 10 tusen tonn hadde rasa ut i fjellpartiet bak bustadblokka. Den store, solide bygningen blei flytta 7 meter fram mot vegen. Den nedste etasjen var knust.

Fjelltun Ålesund

Det brann i bygget i fleire dagar. Om lag 1000 personar i områda kring bygget blei evakuerte, mellom anna som følgje av eksplosjonsfare i ein gasstank i bygget.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

– Blir aldri kvitt det

Jan Olav Henriksen og kona budde i blokka og er blant dei som overlevde. Dei bur framleis i Fjelltunvegen 31 i den nye blokka som blei reist på rasstaden. Ulukka har skapt sår som er vanskelege og til dels umoglege å lege.

– Om eg ligg i senga og for eksempel høyrer istappar som dett ned eller høyrer noko rasle, då er det eitt eller anna som vaknar inni meg. Eg blir aldri kvitt det, om eg så flyttar til Australia så ligg dette i hovudet, seier Henriksen til NRK.

Jan Olav Henriksen

Jan Olav Henriksen bur framleis i Fjelltunvegen 31. På tomta etter bustadblokka som kollapsa er det reist eit nytt bygg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kom seg ut via stige

Henriksen opplevde eit frykteleg smell då steinmassane trefte huset. Heldigvis visste han kvar han hadde ei lommelykt liggande. Alt var mørkt og alt var kaos. Han fann kona under ein reol som hadde velta over senga. Dei kom seg ut av soverommet, og ut av leilegheita. Men ytterdøra var blokkert av stein. Dei måtte kome seg ut av gjennom ein opning i den kollapsa bygningen og klatra ned til bakken via ein stige som naboar kom med.

Granskingsutval

Christine Molland Karlsen, avdelingsdirektør, Direktoratet for byggkvalitet

Christine Molland Karlsen, avdelingsdirektør i Direktoratet for byggkvalitet.

Foto: Alexander Brown / Pressebilde

I etterkant av ulukka blei det sett i gang eit granskingsutval. Utvalet kom fram til at ingen hadde gjort noko ulovleg. Det var utsprenginga av tomta før bygginga som gjorde at fjellet rasa ut.

Etter ulukka blei det gjort endringar i plan- og bygningslova og i den byggtekniske forskrifta.

– Det viktigaste er at ulukka gav auka merksemd til til korleis arbeid på ei byggetomt kan endre tilhøva i grunnen. No må dei som skal byggje hus vurdere grundig korleis slikt arbeid kan påverke sjølve tomta, seier avdelingsdirektør Kristine Mollan Karlsen i Direktoratet for byggkvalitet.

Jan Olav Henriksen

Jan Olav Henriksen på baksida av bygget i Fjelltunvegen 31 der berghammaren rasa ut. Også bak det nye bygget står det ein bratt berghammar der. Men fjellet er sikra på ein heilt annan måte no enn slik situasjonen var i 2008.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det tyngste av alt

Det var fem personar som miste livet under ulukka. Mange i Ålesund er framleis sterkt prega av det som skjedde denne marsdagen i 2008.

– Huset kunne vi byggje opp att. Men vi kan ikkje få tilbake folka. Dei blir verande vekke. Det er det som er tyngst av alt, seier han.