NRK Meny
Normal

Har ikkje håp om å finne nokon i live

Aksjonen i Haram har no endra status frå redningsaksjon til søk etter truleg omkomne. Det blir søkt på land og til sjøs med mannskap frå Røde Kors og Ålesund brannvesen.

Søk etter omkomne lepsøyrevet forlis

Aksjonen pågår framleis, men no går politiet utifrå at dei søker etter to omkomne personar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ein vaksen og ein ungdom er sakna etter forliset ved Lepsøyrevet i Haram i går kveld. Ein person er stadfesta omkomen og tre er på sjukehus.

Når aksjonen no har endra status, tyder mykje på at tre personar har mista livet i ulykka.

– Vi søker no også etter gjenstandar i sjøen, og etter staden der båten har gått på grunn, med tanke på å gjere søk derifrå, opplyser operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt.

Sjå video frå førebuingane til søket:

Video Førebur søk

Tre skadde

Helse Møre og Romsdal opplyser til NRK laurdag formiddag at dette er tilstanden til dei tre som er på Ålesund sjukehus etter ulykka:

  • Ung kvinne med lettare skader er ferdig behandla.
  • Mann (fødd 1977) innlagt med lettare skader.
  • Kvinne (fødd 1984) innlagt med alvorlege skader i mage og ansikt. Tilstanden er stabil.

Les også: Én omkom i småbåtforlis

Optimale leiteforhold

Leiteforholda var optmale natt til laurdag og utover morgonen. Det var god sikt og vindstille. I

heile natt har fleire båtar, to helikopter, redningsskøyta, dykkarar og folk frå Røde Kors delteke i søket.

– Røde kors mannskap starta i morgontimane eit utvida strandsøk på landsida. I tillegg så har vi Sjøredningskorpsets fartøy «Mærsk» som driv søk på sjøen. Det er det som skjer no, fortel Walle til NRK like før klokka 9.00 laurdag morgon.

Hovudredningssentralen fekk melding om forliset klokka 22.15 fredag kveld.

Røde kors søker Lepsøyrevet forlis

Røde kors-mannskap gjer seg klare til utvida strandsøk.

Foto: Tore ellingseter / NRK

Kriseteam varsla

Politiet vil av omsyn til dei pårørande førebels ikkje seie noko om alder eller kjønn på dei sakna.

Men operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt stadfestar at alle er frå Sunnmøre. Etter det NRK kjenner til skal dei som var i båten vere frå Haram og Ålesund kommunar.

– Kriseteama i Haram og Ålesund er varsla for å ta hand om dei som er involverte og deira nære pårørande, opplyser operasjonsleiaren til NRK.

På veg mot Nordøyane

Tjønnøy seier politiet har danna seg eit godt bilete av det som skjedde då den 23 forts store fritidsbåten forliste.

– Vi veit at det var seks personar om bord i båten. Turen gjekk frå Ålesund og utover mot Nordøyane. På eit eller anna punkt nord for Bjørnøya grunnstøytte dei. Skadane på båten var såpass store at han tok inn mykje vatn med ein gong.

Båten vart funnen med kjølen opp, og slept til land på Skjelten.

Ein person kom seg i land sjølv, medan to vart plukka opp av sjøen av leitemannskap kort tid etter ulykka.

Ein tredje person vart funnen klokka 00.45. Personen vart stadfesta omkomen ein time seinare. To personar er framleis sakna.

Båten som gikk på grunn nord for Ålesund

Båten gjekk på grunn nord for Bjørnøya i Haram.

Foto: Silje Thalberg / NRK