Snøskred ved Oppskredtunnelen

Sunnmørsposten melder at det har gått eit stort snøskred ved Oppskredtunnelen mellom Eidsdal og Ørnesvingane i Geiranger. Vegen er stengd frå før på grunn av skredfare. Skredet er 30 meter breitt og 3-4 meter høgt og sperrar riksveg 63.