Hopp til innhold

Like før sending: – No strålar vi om kapp med sola

Frå bakre dekk på MS Sjøkurs ljomar det i songar frå Mikhael Paskalev. Det er lydprøver. Laurdag kveld går Sommeråpent frå Skansekaia i Ålesund.

MS Sjøkurs er i Ålesund. Det er snart klart for sending med Sommeråpent.

Nadia Hasnaoui gjer seg klar til dagens sending frå Ålesund.

Det er hektisk om bord. Programleiar Nadia Hasnaoui sit i restauranten på den tidlegare hurtigruta og skaffar seg oversikt over nokre papir. Ho legg dei i sirlege bunkar. Kanskje er det køyreplanen for dagens sending ho går gjennom. Ho er imponert over kor mange som møtte fram då MS Sjøkurs kom til Ålesund.

MS Sjøkurs

Til høgre i biletet ser du programleiar Nadia Hasnaoui under innseglinga til Ålesund. Ho var imponert over det ho såg.

Foto: Terje Reite / NRK

Det må ha vore rekordmange som møtte opp i dag. Her var så mange folk og båtar. Eg byrja å telje, og kom opp i 116 båtar som følgde oss. Eg trur dei følgde oss i over ein time inn mot Ålesund.

Også vêret var med på å skape den gode stemninga då MS Sjøkurs kom til Ålesund. Det var godt over 20 varmegrader og sola skein frå skyfri himmel. Det var ein skikkeleg sommardag i Ålesund.

Vi fekk jo så fantastisk vêr. No strålar vi om kapp med sola, seier Nadia Hasnaoui.

Litt lenger inne i skipet ligg det journalistiske nervesenteret. Der er desken, med vaktsjef og produsent og sikkert assistentar også. Laurdag ettermiddag er dei travelt opptekne.

– Hei, seier vaktsjef Kristin Ytre-Arne og hastar inn til hovudkontrollen. Det er heilt tydeleg at det er hektisk i timane før ei direkte sending.

I hovudkontrollen er NRK-folket i full gang med lydprøvane, og jobbar seg gjennom songane til Mikhael Paskalev. Alle bilet-overgangane skal sitje perfekt til dagens sending.

Som du ser, det er hektisk akkurat no, seier journalist Asle Hella. Men du får kikke rundt om på båten, legg han til.

MS Sjøkurs

Dette er hovudkontrollen for fjernsynsproduksjonen på MS Sjøkurs. Dersom du ser godt etter, vil du sjå at det akkurat her går føre seg lyd- og bildeprøver i samband med at Mikhael Paskalev skal delta i dagens Sommeråpent.

Foto: Terje Reite / NRK

Lenger framme, i retning baugen på skipet har NRK rigga til sminkerom. No er det programleiar Ingerid Stenvold som sit klar i sminkestolen. Det er Monika Løhne som er sminkør. Ho fortel om ein flott tur inn mot Ålesund. Mange var litt uroa over dei dårlege vêrmeldingane for Stad i natt. Men forholda var heilt greie.

– Det var veldig roleg. Og vi blei jo eigentleg veldig skuffa. Det var sagt at det skulle vere lten storm ved Stad i natt. Alle var gira og litt nervøse og tenkte at vi skulle få prøvd oss. Men så blei det nesten ingen ting, skrattar sminkør Monika Løhne.

Ingerid Stenvold sminkes

No er det programleiar Ingerid Stenvold som blir sminka før dagens sending. Sminkør er Monika Løhne.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det bles litt, og dønningane kring Stad kan vere kraftige. Sjølv om det slett ikkje var snakk om vanskelege forhold, merka dei som ikkje var på det mest sjøsterke at det gynga godt.

– Ja, det var litt sjøgang. Slik at det var litt vanskeleg å gå. Og det var flott å sjå ut på dei skarpe konturane i landskapet, seier Løhne.

Men du tolte forholda godt?

– Ja, eigentleg ville vi ha hatt litt meir, seier ho med eit smil.

Under sendinga skal det handle om klippfisk. Det kjem nok sikkert til å handle om barske turar også. Ålesundaren Cecilie Skog var å sjå på skipet i ettermiddag. Og som vi byrja med: Mikhael Paskalev hadde lydprøver då vi var om bord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL