Hopp til innhold

– Den beste mottakinga MS Sjøkurs har fått til no

I strålande sommarver strøymde sunnmøringane til fjøresteinane, båtane og hamna for å ta imot MS Sjøkurs. Programsjefen meiner Ålesund gav MS Sjøkurs den beste mottakinga dei har opplevd.

Dei som fulgte sendinga på NRK1 frå tidleg laurdag formiddag såg teikninga allereie då. Langs Rovdefjorden, Vartdalsfjorden, Sulafjorden, Hareidlandet, Heissafjorden, Godøya, Valderhaugfjorden og innseglinga til Ålesund hamn, hadde folk møtt opp. Stor var stemninga då MS Sjøkurs klappa til kai på sørsida av Skansekaia i ålesund.

NRK sin sommarbåt MS Sjøkurs har kome til Ålesund. Og det var stor stemning då skipet klappa til kai i Ålesund.

Det var stor stemning då MS Sjøkurs kom til Ålesund laurdag.

Dette var heilt fantastisk. Med dette veret og alle båtane. Vi sat berre og smilte og koste oss i kontrollrommet. Dette var den beste mottakinga sommarbåten til NRK har fått så langt, seier programsjef Rune Møklebust.

Rune Møklebust

programsjef Rune Møklebust er prosjektleiar for Minutt-for-minutt-sendingane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Anders Skodje

Anders Skodje meiner Ålesund er Noregs vakraste by.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Kurt Inge Haugstvedt

Kurt Inge Haugstved elskar sjølivet, og hadde ein kjempedag i Ålesund i dag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sist det var «Minutt-for-minutt»-sending frå Ålesund var då NRK-teamet fulgte Hurtigruta langs heile kysten. Den gongen fekk Ålesund kritikk fordi dei ikkje markerte seg godt nok. Denne gongen var ålesundarane betre førebudde.

No var Ålesund klar til å vere med på direkte-fjernsyn, seier Rune Møklebust.

Sunnmøringane opplevde ein strålande formiddag i byen. Det var sommar og det var sol, og alle koste seg. Ein av dei som hadde teke turen var Rolf Espe frå Spjelkavika. Han har fulgt Sommeråpent-sendingane heilt frå MS Sjøkurs var i Oslo-fjorden.

Dette var heilt topp. Det er alle tiders. Det er jo slikt eit flott ver. Det er med på å setje Ålesund på kartet. Det er flott at Sunnmøre blir vist fram for heile landet på ein slik flott måte, seier Rolf Espe.

MS Sjøkurs kom til Ålesund på same dag som Aalesunds fotballklubb har heimekamp mot Sogndal. Mange brukte stemninga ved hamna som oppvarming til fotballkampen.

– Dette er flott. Det er eit bra båtliv her i dag. Vi skal på fotballkamp i dag, og eg skal vise fram Noregs vakraste by til ein ven frå USA, fortel Anders Skodje frå Oslo. Ålesund er Noregs Venezia, med havet, Brosundet og båtlivet, legg han til.

Det var folk i alle aldrar på kaia. Nokre lovpriste havet, båtlivet og heile det maritime meir enn andre. Kurt Inge Haugs legg ikkje skul på at han rett og slett elskar båtlivet.

– Dette er ein fantastisk dag. Eg elskar skip og sjøen. Det er heilt utruleg. Og Ålesund er fantastisk, seier Kurt Inge Haugstvedt. Han har teke med seg minstemann Ådne for å få med seg den flotte hendinga på Skansekaia i Ålesund.

Og andre på kaia har tenkt å skaffe seg eit ekstra godt forhold til MS Sjøkurs. Skipet er eit skuleskip, og lærer opp unge som kan tenkje seg eit yrkesliv på sjøen.

– Eg har tenkt å søkje meg skuleplass på MS Sjøkurs. Eg er så interessert i sjølivet og eg har tenkt å ta maritim utdanning. På Sjøkurs får eg lære mykje om det maritime livet, seier Torbjørn Torvik.