Hopp til innhold

– Dette kunne ikkje ha blitt betre

Han har snart 1000 turar med hurtigruta, og er kåra til «Tidenes hurtigrutepassasjer». I dag fekk han ta imot den aller første hurtigruta han reiste med, då MS «Sjøkurs» la til kai i Ålesund.

Jan Arild Hagen

Tidenes hurtigrutepassajer Jan Arild Hagen fekk ta imot trossa då MS «Sjøkurs» la til kai i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Sommarbåten MS «Sjøkurs» har klappa til kai i Ålesund, og blei møtt av eit folkehav. Sola skin frå skyfri himmel, Aalesund fotballklubb har heimekamp, Sommeråpent skal gå på NRK1 i kveld og det er eit yrande båtliv på hamna.

Det var Jan Arild Hagen som fekk æra av å ta imot trossa frå MS «Sjøkurs». Tidlegare heitte denne båten Ragnvald Jarl. Den 25. juni 1957 reiste Jan Arild Hagen med denne hurtigruta for første gong. Han skulle til tannlegespesialist i Bergen.

Det var slik ei koseleg reise, og eg møtte mange trivelege folk der. Sidan har eg følgt med på hurtigrutene kvar einaste dag, fortel Jan Arild Hagen.

Det var store klappsalvar då Jan Arild Hagen tok imot trossa. Og alle gledde seg over at Møre og Romsdal fekk vise seg fram frå ei slik vakker side på denne dagen.

Dette er heilt fantastisk. Det kunne ikkje ha vore betre, sa Heidi Torben då skipet klappa til kai. Ho og Elisabeth Krogen Valderhaug kombinerte førebuingane til fotballkampen Aalesund - Sogndal med ein tur på Skansekaia.

MS Sjøkurs

Elisabeth Krogen Valderhaug med Aafk-skjerfet løfta, og Heidi Torben i forbrunnen.

Foto: Terje Reite / NRK

No var ikkje Jan Arild Hagen heilt nøgd med manøvreringa til den tidlegare hurtigruta denne dagen. Det var heilt greitt at skipet la til på sydsida av Skansekaia, og ikkje på nordsida, slik hurtigrutene bruka å gjere.

Ho skulle ha bakka inn her. Dette er alt for trongt, når ho skal ha baugen peikande ut gjennom Moljegapet, sa Jan Arild Hagen, mens han venta på trossa. Men han slo seg til ro då redningsskøyta hjelpte til med å gje hurtigruta ein dytt på hekken, slik at vendinga skjedde trygt inne på den tronge hamna.

Med eit smil måtte han legge til ein ting til. MS «Sjøkurs» tok nemleg ei ekstrarunde inn Heissafjorden og heilt inn på slinningen. Skipet hadde god tid, og det norske folk fekk sjå innseglinga til Ålesund også frå sydsida.

Nei, dette var vekkasta tid og olje, lo Hagen.

På kaia har det møtt fram fleire hundre tilskodarar. Og det er stor stemning på kaia. Ålesund sentrumsforeining har lagt opp til eit underhaldningsprogram på kaia. Seinare i dag blir det underhaldning frå båtdekk, når Sommeråpent tek til. Sendinga frå Sommeråpent tek til klokka 21.30. Før den tid blir det sendt eit program frå reisa frå Kalvåg i Sogn og Fjordane til Ålesund.

MS Sjøkurs

På kaia i Ålesund er det lagt opp til underhaldning. Det er stor stemning i Ålesund i dag.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL