Hopp til innhold

Snart kjem dei lokale jordbæra

Sommardagane dei siste vekene har sett fart på jordbæra. No er det berre dagar til jordbæra frå dei lokale åkrane kjem i butikkane.

Hegelin Waldal

Hegelin Waldal viser fram dei første jordbæra. Bæra har ein solrik smak, seier ho.

Foto: Frode Berg / NRK

Laurdag plukka Hegelin Waldal dei første korgene med jordbær. Dette er ein månad tidlegare enn i fjor. Og ho har allereie fått smake på bæra.

– Det er ikkje så veldig mykje bær i åkrane enno. Men dei vi har er fantastisk gode. Det er ein solrik smak på bæra no og det kjem meir etter kvart, seier ho.

– Har teke inn ei veke

Også leiar i Valldal grønt, Jan Ole Fuglem, frydar seg over at jordbærsesongen er svært nær. Situasjonen i år er heilt annleis enn i fjor. Heilt på tampen av juni 2015 melde NRK Møre og Romsdal at folk måtte vente til inn i juli før den lokale bæra var moden.

– Tidlegare i vår såg det ikkje ut til at sesongen skulle starte særleg tidleg. Men med sola dei siste vekene har vi henta inn att om lag ei veke, seier Fuglem.

Jordbær Valldal

Slik står jordbæra på garden til Hegelin Waldal. Dei første bæra er her, men det er mykje meir i vente.

Foto: Frode Berg / NRK

– Jordbær neste helg

Det nærmar seg altså plukkestart på friland. Då skal det ikkje ta lang tid før Valldal-jordbæra er å finne i butikkane.

– Plukkinga hos oss startar før jonsok. Det betyr at det er mogleg å få kjøpt lokal jordbær inn mot neste helg.

I Valldal er det ganske vanleg å finne dei første bæra rundt den 20. juni. Det betyr at årets sesong byrjar forholdsvis tidleg. Og mykje av modninga har skjedd dei siste dagane.

Jan Ole Fuglem

Jan Ole Fuglem er styreleiar i Valldal grønt.

Foto: Frode Berg / NRK

Vatningsanlegga går for fullt

No går også vatningsanlegga for fullt. Og heldigvis er det mykje fint, klart vatn i elvane langs jordbæråkrane. Utfordringa i år har vore at det har kome svært lite regn i vekstperioden.

– Det er nye utfordringar kvart år. I år har vi hatt svært lite nedbør. Vi har hatt rundt 10–20 millimeter på to månader. Det er svært lite. Men vatningsanlegga får for fullt. Eg har vatna sidan i april.

Modninga har kome ulikt alt etter dei geografiske forholda. Hegelin Waldal gler seg over at sesongen ser ut til å starte langt betre enn i fjor.

I fjor venta vi oss nesten i hel på at sesongen skulle byrje. Men no er det omvendt. Det har vore eit fantastisk ver. Vi har brukt tida på å vatne åkrane slik at det ikkje skulle tørke ut. No gler vi oss veldig, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL