NRK Meny
Normal

Sunnmøringane må vente på lokale jordbær

Medan jordbæra er i sal fleire stader i landet, må sunnmøringane vente i to-tre veker på at den første lokale bæra kjem i sal. – Det ser veldig lovande ut, seier jordbærdyrkar Audun Skjervøy.

Medan jordbæra er i sal fleire stader i landet, må sunnmøringane vente i to-tre veker på at den første lokale bæra kjem i sal. Først i midten av juli vil ei av dei største jordbærbygdene i landet, Valldal, vere klar med sine første raude.

GRØNE BÆR: I Valldal er jordbæra framleis grøne, og først i midten av juli kan jordbærdyrkarane plukke raude bær.

Audun Skjervøy

MÅ VENTE: Jordbæra i Valldalen let vente på seg, og framleis er bere grøne. Jordbærdyrkar Audun Skjervøy kan ikkje gjere anna enn å vente.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Du ser jo at det byrjar å knyte seg bra på veldig mange plassar her, seier jordbærdyrkar Audun Skjervøy der han står midt i jordbæråkeren.

Jordbæra er framleis grøne i ei av dei største jordbærbygdene i landet, Valldal. Først om to-tre veker vil den heile 30 mål store jordbæråkeren bogne av raude bær.

Kulda får skulda

Ein usedvanleg kald vår og sommar får skulda for den seine modninga, men slikt vêr kan ha sine fordelar.

– Det er mange år sidan me har sett så stor og fin blomstring på jordbæra, seier Skjervøy.

Ingvild Bostad sel Skålabær

I GANG: Skålabær er alt i sal, og seljar Ingvild Bostad seier salet går godt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I Molde og fleire andre stader i landet er det alt mogeleg å få kjøpe lokale jordbær, medan dei i Valldalen framleis ikkje kan plukke bæra.

At dei i Valldalen ligg langt etter romsdalingane har si forklaring.

– Skålabær til dømes, dei driv fram bæra i tunnel, og då er det mogeleg å få det til tidlegare. Det er lettare å få opp varmen når du har ein tunnel å drive i, for det blir som ei form for drivhus, seier Skjervøy.

Alt klart for mottak

Til saman blir det dyrka rundt 5000 tonn jordbær i Noreg kvar år, og dei vel 20 jordbærdyrkane i Valldalen produserer mesteparten av bæra til saft- og syltetøyindustrien her i landet.

Når Valldalsbæra endeleg kjem, så hamnar dei først på mottaksanlegget i bygda, og der er alt klart for å kunne levere bæra kjappast mogeleg.

Harald Valle

KLAR: Harald Valle som er dagleg leiar i Valldal Grønt er klar for å ta imot jordbæra frå Valldal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Folk ringjer, dei sender e-post, og butikkane ringjer. Me har det gåande, seier Harald Valle som er dagleg leiar i Valldal Grønt som ikkje kan gjere anna enn å vente.

Enn så lenge må også jordbærdyrkane i bygda også vente.

– Me ventar på bæra, naturleg nok. Det er ei travel tid, men ei veldig kjekk tid, seier Skjervøy.