Sjå forsmaken på Top Gear-episoden frå Norge: – Vegane er som bacon

Chris Harris og Matt LeBlanc har testa norske vegar i 284 kilometer i timen. I kveld blir episoden vist verda rundt.

BBC Brit

I NORGE: Chris Harris og Matt LeBlanc rakk meir enn å køyre bil då dei gjesta Norge sommaren 2018.

Foto: Gus Gregory / BBC Brit

– Det er svimlande vakkert i Norge. Dette kan vere det beste landet i verda å køyre i, seier Chris Harris.

Det var i fjor sommar han og medprogramleiar Matt LeBlanc – han du sikkert hugsar frå TV-serien Friends – besøkte Norge for å spele inn ein episode av det som er eitt av verdas mest populære TV-program: Top Gear.

BBC Brit

Chris Harris (til høgre) var både spesielt godt nøgd med vegstandaren i Norge – som han samanliknar med bacon – og sjølvsagt den vakre naturen.

Foto: Gus Gregory / BBC Brit

– Episke remser bacon

I episoden, som blir sendt på BBC Brit i kveld og som du kan sjå ein forsmak på nedst i denne saka, får vi sjå Harris og LeBlanc utfalde seg i vakker norsk natur.

Dei skal mellom anna køyre om kapp med Ferrari og Porsche på Molde flyplass – med ein toppfart på 284 kilometer i timen.

Dessutan går turen innom Atlanterhavsvegen på Nordmøre og Trollstigen i Rauma i Romsdal.

Matt LeBlanc kjører bil i Top Gear

Matt LeBlanc, kjent frå den svært populære TV-serien Friends mellom 1994 og 2004, har vore Top Gear-programleiar

Foto: BBC

Og det har gjort inntrykk på LeBlanc og Harris.

– Vegane i Norge er som episke remser med bacon som strekkjer seg opp fjellet, seier Chris Harris i ei pressemelding.

Han lovar der mykje fart og spenning.

– Episoden som er filma i Norge involverer ein god del risiko. Eg kan ikkje seie så mykje meir, sett vekk frå at eg ikkje er så glad i høgder, fortel Harris.

– Når ein ny marknad

Hilde Gråberg Bakke

Reiselivssjef Hilde Gråberg.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er ikkje ofte så store TV-produksjonar som Top Gear blir spelt inn i Norge. Når det først skjer gler det definitivt reiselivsbransjen.

– At Top Gear sender herifrå er uvurderleg. På denne måten når vi ein marknad vi elles ikkje når. Dei som ser på Top Gear er ikkje dei som til vanleg blar mest i reiselivsbrosjyrar, seier Hilde Gråberg Bakke, reiselivssjef i Rauma.

Ho fekk sjølv fekk gode tilbakemeldingar frå Top Gear-gjengen etter dei spektakulære innspelingane i Trollstigen i fjor.

Top Gear

Top Gear-gjengen fekk også med seg vikingmoment under innspelingane i Norge.

Foto: Gus Gregory / BBC Brit

– Dei vart mektig imponerte av Trollstigen og naturen her, seier Bakke, som håper denne Top Gear-episoden gir positive ringverknader for reiselivet i Rauma.

– Vi trur dette kan opne moglegheitene for andre typar program her i framtida. Trollstigen er Norge sin fremste nasjonale turistveg og vi ønskjer fleire velkomne, varslar Hilde Gråberg Bakke.

Her kan du sjå ein forsmak på Top Gear-episoden som har forsmak på BBC Brit klokka 22.30 i kveld.