45 år sidan turistskatt vart innført i Amsterdam, men i Noreg er det uaktuelt

Regjeringa seier nei, NHO er sterkt i mot, men i mange andre land og byar i Europa er turistskatt heilt vanleg. I Amsterdam aukar tal turistar, trass skattlegging.

Amsterdam

TOERISTENBELASTING: I Amsterdam kallar dei skattlegginga toeristenbelasting. I Noreg er reisemålsbidrag, fellesgodefinansiering, brukarbetaling, miljøavgift nokre av namna og løysingane som vert diskutert.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Turistskatten er generelt akseptert og sjølv med skatten har besøkstala til byen auka sterkt. Difor kan vi ikkje seie at turistskatten "skremmer" folk frå å besøkje byen, skriv pressetalskvinne Lisa den Oudendammer ved byadministrasjonen i Amsterdam i ein e-post til NRK.

I Amsterdam starta dei turistskatt alt i 1973. Som turist i Tyskland har du i mange år måtte betale litt ekstra på hotellrekninga di.

– Det er ei ekstra inntekt for kommunane for å garantere at vi kan tilby kvalitet til turistane, seier turistsjef Sabine Koch, ved Tyskland sitt nasjonale turistkontor i Noreg.

City tax, tasa turistica og toeristenbelasting. Hos nordmenn sine feriefavorittar er ei form for skatt på besøket svært vanleg. No jobbar fleire aktørar med ulike variantar av turistbidrag også i Noreg.

– Vi synest dette er ei sak som er overmoden, seier leiar Arne Sandnes i Verdsarvrådet.

Ønskjer avgifter i UNESCO-områda

UNESCO-områda Flåm og Geiranger har hatt sterk vekst i besøket siste åra. No jobbar Sandnes med ein søknad om å få innføre ei miljøavgift.

– No er tida komen for at brukarane sjølve bør og kan betale, og eg trur dei er villige til å betale også, seier Sandnes.

Arne Sandnes

HASTAR: – Vi er komen i ein situasjon der vi er nøydde til å gjere noko, seier leiar Arne Sandnes, i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Sjølve innretninga på avgifta er enno uklar, men ei form for trafikkavgift kan vere aktuelt.

NHO Reiseliv åtvarar mot turistskatt i Noreg.

– Det er vi sterkt i mot, for norske hotell har om lag den høgste overnattingsmomsen i Europa, seier direktør Kristin Krohn Devold.

Meiner forureinar skal betale

Forslaget om å innføre bompengar rundt Geiranger er eitt av fleire i debatten om korleis ein skal finansiere infrastrukturen som turistane brukar. NHO meiner brukarbetaling er løysinga.

– Vi kan krevje betaling av folk som brukar toaletta og parkerer bussen eller bubilen midt i sentrum.

– Vi må skilje mellom dei turistane som bur på hotell og legg at pengar og dei som berre er på gjennomfart og ikkje legg att noko anna enn eksos i lufta, seier Krohn Devold.

I Reiselivsmeldinga gjorde regjeringa det klart at turistskatt er uaktuelt for Noreg. Ulike variantar for å få turisten med på betalinga vert likevel lansert. Formannskapet i Aurland vedtok nyleg eit prosjekt med frivillig «reisemålsbidrag» frå verksemdene i kommunen.

Administrerande direktør Solrun Hjelleflat i Aurland Ressursutviklig, som mellom anna driv Fretheim Hotel, er avventande.

– 90 prosent av våre gjester er utanlandske. Dei vil vurdere om dei har råd til å kome til Flåm, eller om dei må velje ein annan plass. Vi må ikkje prise oss ut. Det er kjempeviktig.

Land og byar med turistskatt

Land/by

Skatt

kjelder: Visit Sognefjord, ETOA

Nederland/Amsterdam

5,5-7 % av pris per pers/natt

Italia/Roma

3-7 Euro per pers/natt

Frankrike

0,2-4 Euro per pers/natt

Tyskland/Berlin

5% per pers/natt (unntatt foretningsreisande)

Barcelona

1,10-2,25 per pers/natt

Kroatia

2-7 Euro per pers/natt, avhengig av sesong og plassering