Hopp til innhold

Slik unngår du at pus riv ned julepynten

Enkelte familiar er så fortvilte over katten sin at dei gir opp å ha juletre. Firebarnsmora i Ålesund fann ut at ho måtte ta strategiske grep.

Chandler har funne stor glede i å leike i juletreet, og har fått frie taumar.

Midt i stova til familien Moltu-Sperre står det grøne, glitrande, nypynta juletreet med glaskuler, tusen julelys – og ein kvit og brun katt i toppen. Den store stjerna har fått selskap av Chandler på ni månader. Han trur han har fått ei ny leike til jul.

– Det første som skjedde var at han krafsa seg inn i treet og slanga seg rundt stammen. Greinene er bøygd sund, han riv ned det han finn av pynt og har vore heilt opp i stjerna. Den heng berre og sleng, ler Brit-Hilde Moltu-Sperre.

Ho anslår at 15–20 julekuler ramlar i parkettgolvet kvar einaste dag. Utruleg nok har berre ei knust. Så langt.

Brit-Hilde Moltu-Sperre med dottera Rose og katten Chandler.

Brit-Hilde Moltu-Sperre med dottera Rose og katten Chandler.

Foto: privat

Må kjøpe nytt tre neste år

No har familien innsett at dei har tapt slaget, og at det kunstige juletreet må på søppeldungen i januar.

– I byrjinga prøvde vi å slite han vekk, men eg gav berre opp. Treet er klart til utskifting, ler ho.

Den erfarne katteeigaren seier ho raskt skjønte at juletreet kom til å bli ei stor freisting for kattungen som aldri har feira jul før.

– Eg merka det på lynnet hans. Kattar er veldig ulike, men han her høgt og lågt og er ikkje redd for noko, seier ho.

Miss Pixie Marvel med byttet sitt

Mixx Pixie Marvel har lagt seg på parketten med byttet sitt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Katten er eit jaktdyr

Det er mange katteeigarar som har erfart at katten opplever juletreet som ein leikekamerat, og ikkje klarer å la pynten henge i fred.

Veterinær Lars Audun Gåsemyr ved Borgund Dyreklinikk seier dette er heilt naturleg.

– Katten er primært eit jaktdyr, og jaktdyr er opptatt av alt som bevegar seg, enten det er fluger, fuglar eller eit juletre. Då hoppar han gjerne og kan gå til angrep på julepynten, seier Gåsemyr.

Han seier det ikkje er mogleg – eller rett – å prøve å temje jaktinstinktet til katten. Men han trøystar gjerne fortvilte familiar med at interessa for juletreet ofte bleiknar med tida.

Lars Audun Gåsemyr

Veterinær Lars Audun Gåsemyr seier katten er eit typisk jaktdyr som er opptatt av alt som bevegar seg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Familien som tok grep

Medan familien Moltu-Sperre i Ålesund har bestemt seg for å la det stå til, og heller kaste ut treet neste år, har ein annan familie i nabolaget tatt grep lenge før jula sette inn.

Matmor Astrid Josefine Eide seier det var nødvendig å planlegge nøye for å kunne ha både juletreet og ungkatten Miss Pixie Marvel inne samtidig.

Katten Miss Pixie Marvel hoppar opp i juletreet

Katten Miss Pixie Marvel tek sats og hoppar gjerne opp i juletreet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Når ein først har skaffa seg katt, så kan ein ikkje forvente noko anna enn at dei lagar litt bøll. Ein må tilpasse huset til katten, ler firebarns- og tokatts-mor Astrid Josefine Eide.

Ho har gøymt alle eksklusive julekuler og satsar på å kunne ta dei fram ei anna jul.

Ingen skal feire jul åleine

Om kattane i Ålesund blir hengande i treet eller sit fint på bakken på sjølve julekvelden, veit ingen førebels. Men det er ikkje aktuelt å sende dei firbeinte på dør. Då får dei vere med og feire den store høgtida, og kan vente seg julegåver, som dei andre i familien.

Slik kan det bli ei god jul for alle. Også for pus.

– Nei, vi er alle glade i henne. Då går heller treet ut, seier Astrid Josefine Eide.

Far, mor og dei tre yngste: frå venstre Astrid Josefine Eide med katten Miss Pixie Marvel, Idun Marie Eide Wahlquist, Ole Henrik Wahlquist og Anna Olivie Eide Wahlquist.

Mor, far og dei tre yngste: frå venstre Astrid Josefine Eide med katten Miss Pixie Marvel, Idun Marie Eide Wahlquist (10), Ole Henrik Wahlquist og Anna Olivie Eide Wahlquist (12).

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL