Hopp til innhold

Innestengd i fleire veker: Truleg redda av ei flaske raudvin

Kattar skal eigentleg ikkje ha alkohol, men det er faktisk dyreartar som nyt rus.

katten pus står og ser inn i kamera.

Den seks år gamle familiekatten Pus forsvann sporlaust i tre veker.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

– Det var hell i uhell at vinflaska knuste så Pus fekk noko å drikke, så det var ei godt anvend vinflaske, seier matfar Marius Egge.

Marius hadde spart raudvinsflaska til eit spesielt høve. Men familiekatten Pus kom han i forkjøpet.

Da den seks år gamle familiekatten Pus forsvann sporlaust, leita familien etter ho i fleire veker.

– Vi kikka rundt ute på garden, ved dører og vindauge. Eg var heilt sikker på at ho hadde gått ut.

Etter tre vekers leiting var det ein tilfeldig branninspeksjon på garden som skulle til for å finne familiekatten. Pus hadde vore innelåst i vinkjellaren til familien heile den tida.

– Ho må ha smotte inn mens eg har vore og henta vin, eller vore bak døra, seier Marius.

Marius Egge ser inn i kamera og smiler mens han holder katten Pus.

Matfar Marius hadde aldri trudd at Pus var i kjellaren heile den tida.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

Han var veldig overraska over at katten verka fin, sjølv om ho hadde vore utan mat og vatn i fleire veker.

Han trur ei knust raudvinsflaske kan ha redda Pus.

Sjå videoen om Pus nedst i saka.

Ei livreddande vinflaske

Kattar kan overleve ei stund utan mat, men å overleve lenge utan vatn er vanskeleg, seier zoolog Petter Bøckmann.

Petter Bøckman og Australopithecus

Ikkje gi dyra dine alkohol, råder zoolog Petter Bøckmann.

Foto: Karsten Sund / Karsten Sund

Sjølv om ein katt ikkje skal få i seg alkohol, kan det truleg ha hjelpt henne å overleve.

– Det å drikke vin er jo ikkje sunt, men det er enda mindre sunt å ikkje få tak i noko væske i det heile tatt, seier han.

For Pus var nok raudvinen det einaste alternativet, men det finst også dyr som aktivt oppsøker rus og alkohol, seier Bøckmann.

Dyr som drikk

Intelligente dyr oppsøker av og til rus, seier zoologen.

– I India hender det at elefantar plyndrar lokale ølfabrikkar. Dei sparkar seg inn den eine veggen, drikk opp og etterlet seg ein øydelagd bygning, seier han.

Foreldreløs elefant

Det er ikkje berre menneske som er glad i alkohol.

Foto: Ida Titlestad Dahlback

Eller delfinar som mobbar blåsefisk fordi gifta dei slepp ut gir delfinane ei viss ruskjensle.

Surikatar gjer noko av det same, der blåsyra frå tusenbein kan gi dei ruskjensle, seier Bøckmann.

Les også Seks skjærer på fuglefylla

Skjærer, sannsynligvis fulle av gjærede rognebær

Dyr som et frukt, har eit relativt velutvikla system for å bryte ned alkohol i kroppen. Ikkje minst har vi menneske eit sånt system, slik som dei fleste aper som jo er fruktetarar.

– Nokon dyr liker smaken av alkohol. Aper kjenner søtsmak og kan tiltrekkast av alkohol fordi det er ein smak ein kan finne i moden frukt. Fleire tropiske turiststader er plaga av aper som stel drikken til badegjestene.

Ein katt som i utgangspunktet har levd av mus og småfugl, har ikkje det same systemet for å bryte ned alkohol som fruktetarar.

Så sjølv om Pus truleg har overlevd på raudvin åtvarar Bøckmann folk mot å gi husdyr alkohol eller rusmiddel.

Lykkeleg gjensyn

– Heilt sidan vi fann henne igjen har ho vore ekstra kosete, sjølv om Pus framleis er ein veldig bestemt katt, seier han.

Matfar Marius er utruleg letta over at familiekatten hadde noko å drikke mens ho var i kjellaren.

Marius Egge med katten Pus på fanget.

Nå gleder Marius seg til å kose ekstra mykje med Pus framover.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

Etter at dei blei gjenforeinte har han late Pus sniffe på litt vin, men det verkar ikkje som ho lenger er interessert i alkohol.

– Det er veldig hyggeleg at Pus kom tilbake. Eg var veldig lei meg då ho forsvann, så kanskje vi kan ta eit glas raudvin saman etter kvart.

En katt overlevde på rødvin i tre uker.

En katt overlevde på rødvin i tre uker.

Hei!

Har du tankar om saken du har lest, eller tips til kva min neste sak bør handle om?

Send meg gjerne ein e-post!

Denne elgoksen har den siste tida vandret rundt i Hol kommune i Buskerud. Ifølge en zoolog skyldes flekkene piebaldisme.

Denne elgen vekker oppsikt: – Dette har jeg aldri sett før