NRK Meny
Normal

Slik tek du vare på plantane i sommarvarmen

Den siste tida har vore prega av varme sommardagar og strålande solskin, men det er ikkje berre menneske og dyr som treng påfylling av vatn i sommarsola.

Blomster

TØRKE: Ein må passe ekstra godt på planter og blomster i desse varme sommardagane.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– I tillegg til at det er varmt for oss å arbeide i solsteika så er det varmt for blomstrane også. Vi må vatne heile tida slik at blomstrane ikkje tørkar inn og visnar, seier Steinar Årsnes.

Steinar Årsnes

VATNING: Steinar Årsnes hadde fullt opp med å vatne.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Han var ein av fleire som var godt i gong med å vatne blomster på kyrkjegarden ved Borgund kyrkje i dag.

Kanne på kanne blei fylt opp med vatn før dei blei frakta utover kyrkjegarden for å gje nytt liv til tørre blomster.

– Her går det veldig mykje vatn. Det har vore utruleg tørt den siste tida, seier han.

Tørkar fort

Fleire veker med temperaturar langt over tjue grader og strålande sol, gjer at ein må passe ekstra godt på planter og blomster.

Pite Prince hageland

GODE RÅD: Pite Prince har mange gode råd for korleis ein kan unngå at planter og blomster tørkar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er kjempeviktig at blomster og planter får nok vatn, seier Pite Prince, gartnar ved Viddals Gartneri og Hagesenter i Ålesund.

Også på hagesenteret har dei merka konsekvensane av det varme vêret.

– Dei tørkar utruleg fort. Vi kan vatne, og så femten minutt seinare så er det tørt igjen, seier gartnaren.

Han peikar på at det er svært få blomster og planter som toler høg varme godt.

– Nokre tropiske planter har eit betre utgangspunkt, men dei får det vanskeleg på vinteren, seier Prince.

– Dersom ein passar på plantene eller blomstrane og steller godt med dei, så går det som regel bra, held han fram.

Gode råd

Prince har jobba som anleggsgartnar i over 30 år, og når gode råd er dyre, har gartnaren gode tips til kva ein må gjere for å ta vare på planter og blomster i sommarvarmen.

– Fyrst og fremst må ein sørge for at dei har nok vatn slik at dei held seg fuktige og ikkje tørkar inn, seier han.

Spesielt har blomster eller planter som står i potter lett for å tørke ut åtvarar gartnaren, så dei må ein passe ekstra godt på.

Blomster
Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Dersom ein ikkje har moglegheit til å vatne kan det vere lurt å sette planta eller blomstrane i skuggen eller på ein kaldare plass, då tørkar dei ikkje like fort, held han fram.

Han anbefaler at ein vatnar minst to gongar dagleg, helst morgon og ettermiddag eller kveld. Nokre gongar må ein vatne fleire gonger dersom det er veldig varmt.

– Det er dei beste tidspunkta for å vatne, då steikar ikkje sola like sterkt, seier Prince.

Noko av det viktigaste at planta eller blomen får nok vatn. Kor mykje som er nok vil variere.

Pass på sola

Ifølgje gartnaren er det også viktig å vere forsiktig med kor på blomsteren eller planta ein vatnar. Helst skal ein unngå blada og planten og heller vatne rett i blomsterpotta.

– Dersom det kjem vatn på blada eller planten så kan det fort oppstå solbrune flekker og at blada brenn seg, seier Prince.

– Vassdropar på eit blad kan fungere som eit forstørringsglas, så då kan du jo tenke deg kor varmt det blir, held han fram.

Han trur ikkje at folk skal vere redde for å gi plantene eller blomstrane for mykje vatn i det varme vêret.

– For sikkerheits skuld bør potta vere godt drenert slik at overflødig vatn kan renne ut, på same måte som når det regnar, men eg trur ikkje det er eit problem akkurat no, seier han og ler.

Nytt liv

I desse temperaturane er det fort gjort at ei plante eller ein blomster tørkar inn. På Hagesenteret viser gartnaren fram to blomster som har blitt litt for varme i sommarsola. Når skaden fyrst er skjedd har Prince desse tipsa.

– Desse blir nok aldri heilt bra igjen, men det er mykje ein kan gjere med blomster som har tørka. Klipp av dei døde blomane, plisser den i skuggen og gi den nok med vatn, anbefaler han.

– Så vil den etter kvart kunne vakne til liv att, held han fram.

Dersom du vil gi planta eller blomen ein ekstra god sjangle for å overleve sommarvêret anbefaler Prince å gi dei litt ekstra næring.

– Det har vore ekstremt varmt den siste tida. Då kan det hjelpe å gjødsle ein gong i veka, seier Prince.

For marker og plen anbefaler han å gje vatnet tid til å søkke skikkeleg inn i marka

– Der kan det vere lurt å vatne eit kvarter eller ein halvtime, og så vente om lag ein halvtime før du vatnar meir. Då er det lettare å sjå kor mykje vatn som trengst, seier gartnaren.

Og er det eitt tips gartnaren Prince gjerne gjentek.

– Vatn, husk nok vatn. Det er det viktigaste, seier han og ler.