Hopp til innhold

Send inn video og bilete frå plastryddinga

Fuglefjellet på Runde er fullt av plast, folk får fisk med plastflasker i magen og øybuarar samlar tonnevis av søppel kvart år. No kan du bli med på dugnaden, og vi vil gjerne ha bilete og video av ryddinga di.

Plast Runde fuglefjellet

PLASTFJELL: NRK Møre og Romsdal viste 17. april at fuglefjellet på Runde er fullt av plast. Rundt ein million sjøfugl døyr av plast kvart år. No kan du bli med på ryddedugnad for å minske problemet.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

30. april til 6. mai er det strandryddeveka i regi av Hold Norge rent. NRK inviterer til ryddedugnad torsdag 3. mai #nrkplast, og det er den nasjonale strandryddedagen laurdag 5. mai. Det er sjølvsagt også mogleg å rydde alle andre dagar.

Her kan du laste opp bilete og video

Dersom du sender oss bilete og video kan desse bli brukte på NRK1 si sending «Hele Norge rydder» torsdag 3. mai frå klokka 15.00 til 18.50.

Slik gjer du det

Dersom du skal sette i gang ein stor aksjon, er det svært viktig å melde frå om dette til renovasjonsselskapet ditt på førehand. Då kan dei organisere henting. På ryddedugnaden til NRK 3. mai vil vi gjerne også oppmode til lavterskelrydding – der du kan rydde der du er og kaste funna i din eigen søppeldunk. Mottoet er at ingen kan ta alt, men alle kan ta litt.

Dersom du skal levere søpla gratis til ditt renovasjonsselskap må du altså ta kontakt med dei på førehand. Då kan dei også gi deg sekkar som er spesiallaga for ryddeaksjonar.

Du kan også opprette ein aksjon, eller finne ein aksjon å vere med på her:

Det viktigaste er at søpla frå aksjonen din blir tatt hand om, så vi ikkje skaper eit nytt problem. Renovasjonsselskapa i Møre og Romsdal finn du kontaktinformasjon til her:

– Det er elles viktig at folk tar tryggleiken på alvor under slike aksjonar, og har med det utstyret som trengst. Hanskar er eit minimum, seier Arne Buset i Romsdalshalvøya interkommunale renovasjonsselskap.

Han oppmodar også folk om å ta med god mat, drikke og våtserviettar.

– Ryddeaksjonar kan vere rett trivelege når ein har med kjekke folk og god mat, seier han.

Ryddar av kjærleik til havet

Det er mange som prøver å ta tak i søppelproblemet. Plastfritt Giske vart stifta i fjor, og dei har sidan mai i fjor samla inn 33 tonn søppel.

– Mitt engasjement skuldast kjærleik til havet. Det er det vakraste vi har, og sjølve livsnerven til kloden vår. Når alarmen går og vi ser at plasten tar over, så må vi alle mann til pumpene, seier Bente Fiskerstrand i Plastfritt Giske.

Bente Fiskerstrand, Plastfritt Giske

AKSJON: Bente Fiskerstrand og dei andre i Plastfritt Giske har samla inn 33 tonn søppel siste året. Ho skryt også veldig av skuleklassene på Giske som engasjerer seg i arbeidet.

Foto: Børge Sandnes

Mykje av det dei finn på øyane i Giske er gamle synder med veldig lang nedbrytingstid, og Bente Fiskerstrand håper no at fleire vil delta i dugnaden – landet over.

– Når ein no er klar over kor skadeleg mikroplast er og at det går inn i organismane som lever i havet, har vi ikkje anna val enn å prøve og reversere utviklinga. Og å slutte å fylle på med nytt, slår ho fast.

Dersom du vil vere med på NRK sin ryddedugnad 3. mai, så er det fint om du merkar bilde på sosiale media med #nrkplast. Har du noko spennande på gang som du meiner vi i NRK Møre og Romsdal bør vite om, send oss gjerne ein e-post: mr@nrk.no

Treng du meir inspirasjon, sjå gjerne NRK-serien Planet Plast.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen