Hopp til innhold

Slik går du trygt på skøyter på islagde elvar

Å gå på skøyter nedover ei islagd elv kan gi fantastiske naturopplevingar. Men det kan også by på utfordringar. Slik blir du trygg på isen.

Skøyting på elva Røa i Romsdal

Å gå på skøyter på ei elv kan by på utfordringar, men også fantastiske naturopplevingar, fortel dei turglade skøyteløparane som ferdast på den no islagde elva Røa.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vinter og minusgrader kan vere oppskrifta på perfekte forhold på skøyteisen. Men det er ikkje berre innsjøar og vatn som er ein arena for skøyteaktivitet. På fleire elvar rundt omkring i landet kan du også gå på blank stålis i mange kilometer. Ein av desse plassane er elva Røa på Skålahalvøya i Romsdal.

Øyvind Hovdenak

Øyvind Hovdenak (76) likar at det er fleire utfordringar ved å gå på skøyter på ei elv enn på eit vatn.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er alltid nye utfordringar rundt neste sving. Ikkje som når du går på eit flatt vatn. På ei elv kan isforholda forandre seg og du kan møte på hindringar langs vegen, seier Øyvind Hovdenak.

Det er mogleg å gå turar på over ei mil langs Røa. Ein tur som byr på fantastiske naturopplevingar, ifølgje Hovdenak. 76-åringen har gått på skøyter på elva heilt sidan han var ein ung gut.

– Det er like spennande kvart år, og spesielt å sjå kor langt oppover elva vi kan gå. Eg kjem til å halde på med dette så lenge eg er frisk, seier den spreke 76-åringen.

– Sjekk kor tjukk isen er

Men med dei varierande isforholda som ei elv kan by på, er det ekstra lurt å vere sikker på at isen er trygg. Ei stilleflytande elv som Røa kan vere like sikkert som eit vatn, men her som elles er det viktig å sjekke at isen er tjukk nok, fortel Iver Gjelstenli, som også er ein aktiv skøyteløpar.

Skøyting på elva Røa i Romsdal

Det er viktig å ta dei same førehandsreglane på ei elv som ein ville gjort på eit vatn, seier Iver Gjelsteneli.

Foto: Terje Aamodt og Anders Eide

– Du kan plutseleg kome til plassar der det er meir fart i elva. Der kan isen vere tynnare eller det kan vere sprekker i isen, og då må ein vere forsiktig, seier han.

Du kan for eksempel bruke stavar til hakke hol i isen for å sjekke kor tjukk isen er. Det er også lurt å sjekke dette både før du startar og undervegs. Ifølgje nettstaden varsom.no bør det vere minst 10 cm stålis for at ein skal kunne sikre trygg ferdsel på islagde vatn.

I tillegg er det viktig å sjekke om elva er djup eller grunn. Dersom elva er grunn kan du i verste fall bli våt på beina om du går gjennom isen. Gjelstenli anbefaler likevel å ta dei same førehandsreglane på slike elver, som du ville gjort på eit vatn.

– Eg har alltid med meg vasstette posar med eit fullt skift i ryggsekken, sånn i tilfelle eg er uheldig, seier han.

Skøyting på elva Røa i Romsdal

– Ha eit flyteelement i sekken

Eit anna tips er å ha flyteelement i ryggsekken, fortel Gjelstenli.

– Eg har alltid ein tom pose med luft i toppen av sekken. Då vil den fungere som ein slags flytevest, seier han.

Iver Gjelstenli

Iver Gjelstenli viser fram ispiggane han har med seg på tur. Desse er det lurt å ha hengande rundt halsen.

Foto: Roar Strøm / NRK

I tillegg anbefaler han å ha med ei kasteline. Den gjer det mellom anna mogleg å stå på trygg is eller på land og samtidig nå ut til nokon som har falle gjennom isen. Ispiggar er også med på å gjere skøyteturen tryggare.

– På den måten kan du dra deg opp på land igjen dersom du dett ned gjennom isen eller ned i ei råk, seier Gjelstenli.

I tillegg kan det også vere lurt å ikkje gå på skøyter aleine. Gå saman med nokon, og helst ein erfaren skøyteløpar dei første gongane.

Sjå fleire tips her:

Noregs vassdrags- og energidirektorat har også samla meir informasjon om temaet på sine nettsider. Der kan du mellom anna lese meir om sikker ferdsel på is og isvarsla for ditt område.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL