– Det kan vere livsfarleg å gå på isen

Røde Kors åtvarar folk mot å gå på isen på regulerte vatn i påska. – Sjølv om isen er tjukk, kan den kollapse.

Farlig is på regulerte vann

Isen greier ikkje alltid å halde følgje med vatnet som blir tappa ut av regulerte vatn, og iskanten sprekk opp. Det skaper eit holrom mellom isen og vatnet som gjer at isen kan kollapse.

Foto: Roar Halten / NRK

Påska er i gang for fullt og det er kaldt og fint vêr over store delar av landet. Fjellet lokkar mange turlystne i finvêret, og det kan vere freistande å spenne på seg skøyter eller skia og suse over is- og snødekte vatn. Kanskje tenker du at ein snarveg over isen ikkje vil skade.

Kjersti Harstad

Røde Kors åtvarar folk mot å gå på isen på regulerte vatn i påska.

Foto: Roar Halten / NRK

Men den kvite snøen som ligg som eit teppe over isen kan også skjule ei potensiell dødsfelle. Særleg dersom det er snakk om eit regulert vatn.

– Isen følgjer nødvendigvis ikkje med når vatnet blir tappa ut. Dermed blir det eit holrom og isen kan kollapse fordi han heng laust over vatnet, seier Kjersti Harstad, operativ leiar for Røde Kors i Kristiansund og omland.

– Livsfarleg å krysse vatnet

Situasjonen er slik over heile landet. Ved regulerte vatn er isen dårlegare enn ved andre vatn fordi kraftselskapa tappar ut vatnet. Det er særleg i sona mellom terrenget og iskanten som kan vere farleg.

Farlig is på regulerte vann

Skiltet er ikkje til å misforstå: – Livsfarleg å gå på vatnbet, står det.

Foto: Roar Halten / NRK

Vasstanden senkjast blant anna under kraftproduksjon, medan kraftig regn og smelting hever vasstanden. Det gjer at iskanten ved land brytast opp og kantsona kan bli bratt og utrygg.

Ved Silsetvatnet i Gjemnes på Nordmøre ser ein det godt at isen ikkje er trygg, både i terrenget og med skilting. Her er det vedlikehaldsarbeid som er grunnen til nedtappinga av vatnet. Men beskjeden på skiltet er likevel ikkje til å misforstå.

– Skulle du falle gjennom isen så ville det bli katastrofe. Det kan rett og slett bli livsfarleg, seier turgåar Otto Winter-Hjelm.

Ber folk vere forsiktige

Farlig is på regulerte vann

Isen kan kollapse sjølv om han ser trygg ut.

Foto: Roar Halten / NRK

Likevel er det ikkje alle som veit kor farleg det kan vere å gå på isen på regulerte vatn. Kraftselskap ber difor turfolk om å vere ekstra forsiktige med ferdsel på i nærleiken av slike vatn.

– Dette skjer i mange regulerte vassdrag. Vanlegvis følgjer isen vatnet ned. Men nokre gonger forsvinn vatnet så fort at isen ikkje rekk å følgje med, og då blir isen utrygg, seier Harstad i Røde Kors.