Hopp til innhold

Reinsdyrkrav stoppa snøskuterkurs – nå har Vegvesenet snudd

Mangelen på eit reinrelatert studietilbod hindra skulen i å halde snøskuterkurs. Nå har skulen vunne fram mot Vegvesenet.

Snøskuterkurs i regi av Vest-Telemark vidaregåande skule

POPULÆRT KURS: Snøskuterkursa i regi av Vest-Telemark vidaregåande skule har vore et populært tilbod for ungdommar frå fylket, men også langvegs frå.

Foto: Privat

Etter 17 år med snøskuterkurs fekk Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen den sjokkerande nyheita.

Dei fekk ikkje lenger lov til å halde det populære kurset.

Årsaka til avslaget var at skulen ikkje tilbyr studiar relatert til reinsdyr eller reindrift.

No har Vegdirektoratet overprøvd vedtaket frå Statens vegvesen.

– Vi har kjempa ein lang kamp for å få løyvet tilbake, så nå er vi skikkeleg glade, seier rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule, Siv Reidun Eide.

Les også Reinsdyrkrav stopper snøskuterkurs

Snøskuterkurs i regi av Vest-Telemark vidaregåande skule

Ein lang kamp

I fem månader har skulen, ordførar, fylkeskommunen og Statkraft jobba på spreng med å klage på vedtaket.

Rektor Siv Reidun Eide ved Vest-Telemark vidaregåande skule

Rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skole, Siv Reidun Eide.

Foto: Privat

Det var derfor ein gledas dag då det onsdag blei klart at skulen får lov til å halde kurset igjen.

– Det betyr mykje for elevar og regionen rundt, fortel Eide og legg til:

– Det betrar trafikksikkerheita heilt klart når elevane får nødvendig teoriopplæring og den praksisen som trengst for å handtere skuteren på ein trygg måte.

Les også Villrein-melding: Vil sette grenser for folk, hytter og stigar

Villrein

Eit heilt spesielt tilfelle

I det nye vedtaket frå Vegdirektoratet går det fram at skulen får tilbake løyvet, fordi det er eit stort behov for snøskuteropplæring i regionen.

Vegdirektoratet anerkjenner i vedtaket at skulen har bygd opp eit solid tilbod i lokalsamfunnet i løpet av åra dei har tilbode opplæringa.

«Det er tydeleg at dei har god støtte frå viktige aktørar og dei har eit godt renommé. Fleire viktige bedrifter i nærområdet og personar i lokalsamfunnet nyttar seg av tilbodet», heiter det i vedtaket.

Bilde fra snøskuterkurs i Rindalen.

Vegdirektoratet anerkjenner at skolen har bygd opp et solid tilbod. Bildet er frå et kurs i Rindalen.

Foto: John J. Storholt

Vegdirektoratet understrekar at dette er eit spesielt tilfelle, sidan skulen har bygd seg opp kompetanse og erfaring på området.

«Dersom det ikkje blir gitt unntak i denne spesielle saka, vil det få uheldige konsekvensar for svært mange involverte», skriv Vegdirektoratet.

Opplæringa vil vere tilbake til hausten

Ordførar i Tokke kommune, Jarand Felland meiner god praksis over lang tid og eigna område var årsaka til at skulen nå får halde fram med å vere kursarrangør.

– Kurset frå Vest-Telemark vidaregåande har vore hovudområdet for fleire fylke i forhold til snøskuteropplæring, så folk har komme langvegs for nettopp dette kurset.

Ordfører i Tokke kommune, Jarand Felland

Ordførar i Tokke kommune, Jarand Felland.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Sjølv blei han svært glad over nyheita.

– Det var veldig godt å sjå at dei gode argumenta vi har fekk gjennomslag.

Nå håpar skulen å få kursa tilbake frå hausten av.

– Vi brettar opp ermane og jobbar for å få kursa på beina igjen, då kan det hende vi køyrer til med ei heidundrande feiring, avsluttar Eide.

Les også Skoler bryter loven: – En totalt uakseptabel situasjon

Øver på selvforsvar i grunnskolen