Hekta seg fast
Kommunikasjonsleiar ved Hydro sitt anlegg på Nyhamna, Dag Ofstad, fortel at slepebåten skulle assistere ein annan lekter då han hekta seg fast og tippa rundt.
Uskadd skipper
Skipperen om bord hoppa ut i sjøen og blei liggande der i to-tre minutt før han blei plukka opp av ein annan båt. Bortsett frå at han fekk seg eit kaldt bad er han uskadd, fortel Ofstad.
Dag Ofstad (Foto: Hydro)
Granskar rutinane
Etter uhellet vil Hydro gå gjennom rutinane for slikt arbeid. Dei har sett ned ein granskingskommisjon som skal gå gjennom alle detaljar i hendinga, seier kommunikasjonsleiar Dag Ofstad.