Hopp til innhold

Slåstkamp og fyllekøyring

Heller ikkje denne helga har det vore roleg for politiet. Dette er politiloggen for den siste helga i september.

Politi

Ein mann i Rauma blir meldt til politiet etter å ha gjort skade på ein politibil.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Etter tips frå publikum blei ein mann i 50-åra tatt med høg promille på Valle i Skodje seint laurdag kveld. Mannen hadde køyrd seg fast i ei grøft då politiet kom til staden. Mannen var aleine i bilen og hadde ikkje førarkort. Han vart tatt med inn av politiet for blodprøvetaking.

Også i Ulsteinvik blei ein bilførar tatt for køyring i alkoholpåverka tilstand. Personen vart stoppa av ein patrulje klokka 02.00 i natt. Sak blir oppretta

Slåstkamp og husbråk

I Volda oppstod det ein slåstkamp mellom fleire personar klokka tre i natt.

– Ein person vart frakta i ambulanse til legevakt etter slag i ansiktet, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Saka blir etterforska av politiet.

Klokka halv fire måtte politiet rykke ut til husbråk i Skodje. Ein person hadde gjort skadeverk i ei leilegheit og slått til ein annan person. Sak blir oppretta.

Vist vekk frå sentrum

Like etter klokka tolv vart ein mann i 20-åra frå Eide vist vekk frå ein utestad i Molde. Mannen laga bråk og nekta å gå.

Litt seinare vart ein annan mann i 20-åra, denne gong frå Vestnes, også vist vekk frå ein utestad i Molde, etter at han også laga bråk og nekta å gå.

Laster Twitter-innhold

Festbråk

Politiet rykka ut til ei leilegheit i Kristiansund sentrum like før klokka to på grunn av klager på bråk frå ein fest.

Der fann dei ei kvinne i 40-åra som var så alkoholpåverka at ho måtte køyrast til legevakt.

Også i Molde heldt ein ungdomsfest naboane vakne. Festen vart avslutta av politiet i totida natt til søndag.

Tenåring slått i ansiktet

Ein mann i 20-åra frå Nesset blir meldt til politiet etter å ha slått ein person i tenåra i ansiktet. Ungdomen frå Sunndal fekk tannskadar som følgje av slaget.

Like før klokka halv tre vart ein mann i 50-åra frå Sunndal slått ned på Sunndalsøra. Gjerningsmannen, ein mann i 20-åra frå Nesset blir meldt til politiet.

Gjorde skade på ein politibil

Laster Twitter-innhold

Rusa kvinne i Kristiansund

Like før klokka fem vart ei kvinne i 20-åra frå Kristiansund sett i drukkenskapsarrest. Kvinna var rusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv.