Skuffa
I revidert nasjonalbudsjett er det berre Hydro-kommunane i Sogn og Fjordane som har fått pengar.
Reinset seier han hadde eit håp om at Sunndal skulle få sin del på bakgrunn av signal som næringsministeren har gitt, og er skuffa over ikkje å finne noko i budsjettforslaget frå regjeringa.
Ferske kutt
Men nedbemanningskrava i Hydro er ferske, truleg så ferske at regjeringa ikkje har hatt nokon sjanse til å leggje inn eventuelle pengar i revidert nasjonalbudsjett.
Derfor er det eit ope spørsmål om regjeringa har noko pengar i ermet i denne runden, eller om dette er pengar som eventuelt vil kome på eit seinare tidspunkt.
Viktig for Sunndal
Ordførar Knut Reinset meiner det er viktig at Sunndal får desse pengane.
I dag drar Reinset til Stortinget, og då for å snakke om samferdsel, men han er innstilt på å gå mange rundar for å få kompensasjon til Sunndal etter kutta i Hydro. Han håpar at dette ikkje blir ein kamp mellom dei ulike Hydro-kommunane.
Reinset seier han allereie har tatt kontakt med næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylke.