Helseføretaket har fått ein så god avtale med SAS Braathens at det ikkje løner seg med eigne fly.
Sparer 5 millionar
Ansvarleg for transporttenestene i Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal, Dagfinn Tynes, seier avtalen gir innsparingar på fem millionar kroner årleg.
Ikkje evig
Tynes seier avtalen er framforhandla på vegne av alle helseforetaka i landet. Men sjølv om planane om eit eige selskap no er lagt i skuffen, kan dei blir tatt fram att dersom SAS Braathens aukar prisane eller gjer rutetilbodet dårlegare enn i dag.