Hopp til innhold

Skjerpede feiereglar skapar harme

Strengare handheving av reglane for takstigar får averøyingane til å hisse seg opp.

Feietrøbbel på Averøya: Nils Magne Bjørshol

Nils Magne Bjørshol frå Averøya vil heller feie sjølv enn å bytte ut stigen på taket. Den er trygg, meiner han.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Ei skjerping av tryggingsreglane for takstigar skapar reaksjonar hos huseigarar på Averøya. Uroa oppstod etter at Kristiansund brannkorps overtok ansvaret for feiing i øykommunen frå første januar i år.

Nils Magne Bjørshol er ein av dei som oppdaga gul lapp på døra etter feiarbesøket.

– Der stod det at stigen ikkje var godkjend, sjølv om den blei kjøpt som godkjend ein gong i tida, utbryt han, og undrar på om det er nye reglar som gjer at det no blei lapp på døra.

– Eg har no gått her før når feiaren fer og har ikkje høyrt noko gale då. Dei har vel høgdeskrekk dei som fer her no, humrar han.

Bryt reglar for å unngå styr

Leiar for feiarane Karin Munck, trur likevel at det her har vore snakk om feiarar som har brote reglane for å vere greie.

– Regelverket frå 1991 slår fast at taket skal ha ein godkjend stige som er festa i topp og botn, seier ho.

– Skulle det skje noko so uheldig som at ein av oss dett ned, slit vi med forsikringa. Vi har eigentleg ikkje lov å vere på arbeid dersom vi ikkje følgjer regelverket.

Tek saka i eigne hender

Bjørshol seier han heller vil feie sjølv enn å gje etter for krava. Han meiner stigen er trygg nok.

– Det er jo skiferstein oppå her, så er veit ikkje kva eg skulle gjort. Då må det i so fall borrast hol i sjølve steinen.

– So her blir det ikkje noko ny stige?

– Nei, det blir det ikkje!

– Men då blir det jo ikkje noko feiing heller?

– Nei, dei fer no berre gjer so dei vil, så feiar eg heller sjølv, seier averøyingen bestemt.