Hopp til innhold

Skipstunnel kan gi hurtigbåt mellom Stavanger og Trondheim

Stad skipstunnel kan gi eit samanhengande hurtigbåttilbod mellom Stavanger og Trondheim. Det trur direktør i Hurtigbåtenes Rederiforbund, kaptein Ottar Aare.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

BLIR BYGD: Fleire statsrådar har forsikra at Stad skipstunnel blir bygd.

Foto: NORDWEST3D

Regjeringa gav nyleg lovnad om ein milliard kroner til tunnelprosjektet.

Les:

– Viktig

I tiår har forkjemparane arbeidd for ein skipstunnel som kan hjelpe sjøtrafikken forbi det harde Stadhavet. I dag er det ingen hurtigbåtar som kryssar Stad.

Direktøren i Hurtigbåtenes Rederiforbund, Ottar Aare, meiner tunnelen vil bli svært viktig for passasjertrafikken langs kysten.

– Vi kan ta dei to ytterpunkta, Stavanger-Trondheim, eller vi kan forlengje rutene som går i dag. Eg meiner heilt klart at det vil vere best å lage ei gjennomgåande rute mellom Stavanger og Trondheim, seier han.

Les også:

Ny båt

Ottar Aare meiner at dei hurtigbåtane som går langs kysten i dag, vil vere modne for utskifting når tunnelen står klar til bruk.

– Dermed kan ein tenkje seg ei gjennomgåande rute slik at vi får ein saumlaus forbindelse mellom Stavanger og Trondheim, seier Ottar Aare.

Her skal skipstunnelen komme

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL