Hopp til innhold

Lovar ein milliard til skipstunnel

Regjeringen lovar ein milliard kroner til Stad skipstunnel. Det melder TV2.

Bilde av animasjon skipstunnel

IKKJE LENGER EIN UTOPI: Slik kan det om nokre år sjå ut frå brua på hurtigruta.

Foto: Rune Karlsen / NRK

I over 30 år har folk på kysten kjempa for tunnelen som skal trygge skipsfarten forbi det vêrharde Stadhavet.

Stortingspolitikar for Frp, Åge Starheim, var ordførar i Selje då planane om ein skipstunnel blei lanserte for første gong. Han har kjempa for tunnelen sidan 1983.

– Det er ein fantastisk dag, og eg håpar lekkasjen er rett, og det får vi tru. Det er berre ein ting eg er lei meg for, og det er at skipstunnelen sin far, Johannes Baldersheim, ikkje får oppleve dette. Eg er glad for at vi stod på i dei tyngste åra og ikkje brydde oss om dei som lo av oss og kalla oss idiotar og det som verre var, seier han til NRK.no.

– Vil revolusjonere

– Kva betyr det at regjeringa no ønskjer å gi ein milliard til prosjektet?

– Det betyr at vi no kan kome i gang med eit prosjekt som vil revolusjonere forholda på Vestlandet, både innan transport av personar og gods, ikkje minst kan det få varetransport over frå land til sjø. Og så er det sjølvsagt viktig at forholda til dei som har arbeidet sitt på sjøen blir tryggare.

Også i Møre og Romsdal er det stor glede over avgjerda:

(Artikkelen held fram under videoen)

Selje-ordførar Ottar Nygård gler seg over skipstunnel

SJÅ VIDEO: Selje-ordførar Ottar Nygård gler seg over skipstunnel

Dansa gjennom korridoren

Også Selje-ordførar Ottar Nygård gler seg over nyheita. Han nærast dansa gjennom korridoren då gladmeldinga kom.

– Det er ein fantastisk dag for heile Selje-samfunnet og langs kysten. Dette var kjempestort. Eg fauk rundt i gangane, det var klemming og stor glede. Dette er heilt enormt og vi har venta på dette. Dette er ein merkedag for kommunen og for områda nord og sør for oss. No skal vi heise flagget, seier han.

Nygård har fått invitasjon til å vere med TV2 i helikopter over Stadlandet, men veit ikkje om han har tid til det.

– No skal eg først ein tur til Vanylven og helse på Jan Helgøy, som og har vore ein stor forkjempar for stad Skipstunnel. Så får vi syte for at media får dei gode bileta som syner kor viktig detteprosjektet er. Om eg blir med på helikoptertur får vi sjå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjødepollen

HER KJEM TUNNELEN: Kjødepollen, der tunnelen skal gå inn frå nord.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det var statsminister Jens Stoltenberg som kom med meldinga om at regjeringa går inn for å byggje skipstunnelen.

– Det er eit viktig prosjekt og bidreg til tryggleik, seier han til TV2.

Men vegen fram til ein tunnel står ferdig er framleis lang. Pengar til skipstunnelen ligg truleg ikkje inne før nærmare 2020.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

NORDSIDA: Animasjon som syner utløpet av tunnelen i KJødepollen.

Foto: NORDWEST3D

Mykje motbør

L/L Stad Skipstunnel har hatt mykje motbør i arbeidet sitt for å få realisert draumen om ein tunnel for skip gjennom Stadhalvøya (sjå faktaboks). Det har vore 19 utgreiingar om det bør komme ein skipstunnel.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) skal til Selje i dag, ho skulle legge fram sjømatmeldinga. No gler ho seg ekstra til å møte seljeværingane.

– Det var berre heilt fantastisk at vi endeleg er i mål og at vi har fått gjennomslag for dette prosjektet. Det bør bli flaggdag i Sogn og Fjordane, seier ho.

– Eg meiner at prosjektet er eit veldig viktig transportprosjekt, ikkje minst for oss som vil ha meir transport over frå land til sjø. I tillegg får vi eit nytt reiselivsmål, folk vil kome for å sjå på dette. Eg tykkjer vi har fått gjennomslag for alt i dag. Eg må sende ei stor takk til alle som har arbeidd med saka.

Stad Skipstunnel

I ROTA PÅ STADHALVØYA: Tunnelen skal etter planen gå frå Moldefjorden på sørsida av Mannseidet til Kjødepollen.

Foto: Atle Markeng / NRK