Hopp til innhold

– Tømmerdal kan bli inhabil som rådmann

Professor fryktar kompispolitikk, og seier at det kan bli vanskeleg for dei på rådhuset å avgjer kven som skal få jobben.

Ordfører professor

Bjørn Tømmerdal har sju års erfaring som ordførar.

Foto: NRK

Tysdag blei det kjent at ordførar i Ålesund Bjørn Tømmerdal (H) lanserte seg sjølv som søkar til den ledige jobben som rådmann i kommunen.

Sjølv meiner han at stillinga passer han godt.

– Det er ei stilling som eg håper å kunne tilføre dei kvalitetane som Ålesund treng i åra framover, seier den noverande ordføraren.

Skeptisk til Tømmerdal

Etter nokre samtalar med folk i Ålesunds gater kom det fram at enkelte kanskje protesterer unødig på at ordføraren vil bli rådmann. Nokre meinte at han har vel lov til å søke på det han vil, medan andre var meir skeptiske.

– Eg syns det er heilt tullent fordi han har køyrt heile kommunekassa i grøfta, sa ei.

Jan F. Bernt
Foto: Christian Kråkenes / NRK

Medan ei anna meinte at det ikkje er heilt etter boka å bli rådmann etter å ha sete som ordførar. Professor i offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt, seier at det er fullt lovleg for ordføraren å søke seg til denne stillinga.

Politiske kameratar

Han seier at dette treng ikkje ein gong å vere kritikkverdig, men det vil by på utfordringar.

– Det er klart at det blir utfordrande for dei på rådhuset å avgjer kven som skal få stillinga når dei mest sannsynleg har eit tett forhold til ordføraren.

Det er viktig at dei som står for tilsetjinga er personar som ikkje er for nære, meiner professoren. Han kjenner ikkje til at ein ordførar har gjort dette tidlegare.

– Kan bli inhabil

Bernt trur at ein flink ordførar kan vere ein god rådmann, men at han kan trekkje med seg ein del problem inn i jobben som ein må vere oppmerksam på.

– Viss ein set det heilt på spissen så er det fare for at han kan bli inhabil som rådmann, og det kan få store konsekvensar. Når ein rådmann ikkje kan ta avgjerder lenger må nokon andre utanfor administrasjonen gjere det, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL