Hopp til innhold

Skeive har lågare livskvalitet enn heterofile: – Kjipt, men ikkje ei overrasking

Ikkje-heterofile har fleire negative kjensler og opplev mindre meining og engasjement enn heterofile, syner ny undersøking. Likestillingsministeren er lite nøgd med resultatet.

Pil Ulheim ser alvorleg ut.

Pil Ulheim er ikkje noko overraska over at ikkje-heterofile framleis har lågare livskvalitet enn andre.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Pil Ulheim er ikkje noko overraska over at ikkje-heterofile framleis har lågare livskvalitet enn andre.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Eg et mykje pasta då, so det vart pasta i dag og, seier Pil Ulheim.

Kvardagen for studenten frå Ålesund er kliss lik som kvardagen for eit utal ungdom i resten av landet: skule, arbeid, gå på butikken, hengje med vener og drive med hobbyane sine.

Det vesle – eller heilt sentrale – som skil Ulheim frå mange andre, er at dei er skeive og brukar eit anna pronomen enn dei fleste.

Berre det å vere ikkje-heterofil har stor betydning for korleis folk har det, syner livskvalitetsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå.

Undersøkinga syner, igjen, at skeive har lågare livskvalitet enn heterofile.

– Det er kjipt, men det er ikkje ei overrasking på noko vis, seier Ulheim.

I 2022 synte den same undersøkinga nett same.

Ikkje nødvendigvis seksualiteten si skuld

Ifølgje SSB er ikkje-heterofile overrepresenterte i fleire av gruppene som vert assosierte med lågare livskvalitet.

Til dømes er ikkje-heterofile yngre enn dei heterofile, har lågare inntekt og slit oftare økonomisk.

Når ein kontrollerer for desse faktorane, meiner SSB at det ikkje er større sannsyn for at homofile, lesbiske eller skeive skal ha lågare livskvalitet enn andre.

Bifile, panfile, aseksuelle og dei med flytande seksualitet har større sjanse for å vere misnøgde med livet – uansett om ein kontrollerer for dei same faktorane.

SSB understrekar at mengda personar som tilhøyrer desse gruppene som er med på Livskvalitetsundersøkinga kan føre til usikkerheit i tala.

Utanforskap gjer det verre

Pil Ulheim trur utanforskap er ei kjensle mange skeive sit med, og at det kan forklare fleire av problema som går att.

– Det er jo ikkje eit problem som er eksklusivt for ikkje-heterofile, men hjå dei er ofte kjensla av utanforskap ofte mykje større. Det er jo noko eg vert gjort klar over nesten kvar dag – kor annleis eg er.

Ulheim har arbeidd både med barn og i kundeservice tidlegare, og seier deira legning og kjønnsidentitet har teke større plass enn det ville gjort om dei var cis og hetero.

– Eg har jobba mykje med folk, og det er veldig kjekt. Men det kjem jo med sine utfordringar det også, spesielt om ein har ein identitet som ikkje er so konvensjonell, seier Ulheim, og gjer hermeteikn kring det siste ordet.

Dei seier dei ikkje vert sint om folk er genuint interesserte i deira identitet – trass i at det kanskje ikkje har noko med situasjonen å gjere.

– Det er ikkje det at eg har noko imot å forklare det, men når det vert tretti gongar per dag, so vert det litt mykje for ein person å handtere, seier Ulheim.

Pil Ulheim handlar mat på butikken, og står i ei sjølvbetent kasse for å betale.

Å gå på matbutikken ser nok ganske likt ut for dei aller fleste. For nokre er det at nokon kan kome til å kritisere eller harselere med kjønn eller legning eit ekstra stressmoment. Sjølv kjenner ikkje Pil Ulheim for mykje på det, i alle fall ikkje alltid.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Meir kunnskap trengst, meiner Fri

Leiar av Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Hilde Arntsen, er ikkje overraska over undersøkinga til SSB.

Ho meiner det må kunnskapsheving til for å bøte på problema.

– Det er jo ikkje det å vere skeiv i seg sjølv som gjer at ein får dårlegare liv. Det handlar om korleis ein vert møtt i samfunnet, heilt frå eigen familie som barn og over i det offentlege rom, seier Arntsen.

Hilde Arntsen, leiar i Fri, sit på ein sofa og smiler

Leiar i Fri, Hilde Arntsen, er glad for at tala syner at grupper som lesbiske og homofile har det betre. Ho meiner det kjem av målretta arbeid, men at det framleis står att mykje som må gjerast.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Ho meiner også at debattklimaet i Noreg vert verre, mellom anna for skeive.

Likestillingsministeren vil ha meir kommunikasjon

– Eg er ikkje nøgd, som likestillingsminister, for desse tala, seier Lubna Jaffery (Ap).

Ho syner til handlingsplanen regjeringa har laga for å mellom anna betre levevilkåra for skeive i Noreg, og seier dagens tal frå SSB understrekar at kampen for likestilling er langt frå over.

Lubna Jaffery står på kontoret sitt og pratar med nokon.

Likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) seier den nye undersøkinga syner at ein har ein veg å gå – dærleg for å hjelpe minoriteten av minoriteten innanfor gruppa «ikkje-heterofile».

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Ho vil mellom anna kommunisere meir med organisasjonar som Fri og Skeiv ungdom for å finne konkrete steg politikarane kan ta for skeive.

Likevel er ho glad for lysglimtet i undersøkinga om at lesbiske og homofile har det betre.

– Det syner heldigvis at kampen for likestilling fungerer, men vi er ikkje ferdige, seier Jaffery.

Les også Flere skeive spill-karakterer: – Det gjør det mer ufarlig

Marte Gundersen gamer.

Har det eigentleg bra

Ulheim seier at dei, uansett kva undersøkinga seier om ikkje-heterofile som gruppe, eigentleg har det veldig bra. Dei har kjærast, vener og studerer noko dei brenn for – kunst.

Samstundes er det skeive alltid til stades, uansett om det er relevant for det Ulheim driv med eller ikkje.

– Eg tenkjer jo på heilt andre ting enn det mine cis og heterofile venar gjer. Mykje går jo på byrda det på ein måte er å vere den personen eg er, seier Ulheim.

Dei seier det ikkje er ein byrde i seg sjølv å vere skeiv, men sidan samfunnet er konstruert for dei som er cis og heterofile og ikkje skeive, slit dei med å finne ein ro andre kanskje har lettare for å finne.

– Hadde eg vore heterofil og cis, hadde eg hatt heilt andre ting å tenkje på og fokusere på. Eg hadde også vald ei heilt anna retning i livet, trur eg, seier Ulheim.

Pil Ulheim sit på hybelen sin foran ein rotete pc-pult.

Pil Ulheim bur på hybel og går på Ytre kunstfagskule i Ålesund. Rommet deira er fullt av plakatar, teikningar og andre kunstprosjekt. Ulheim seier dei vel kunsten for å uttrykke sin eigen identitet og for å kommentere på samfunnet sine haldningar til skeive – noko deira skeive identitet sjølvsagt er med på å styre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK