Hopp til innhold

Skal satse på ein grønare næringspolitikk

Møre og Romsdal SV er svært fornøgde med å ha fått gjennomslag for at partiet skal ha ein ny og grønare næringspolitikk.

Møre og Romsdal-delegasjonen og Audun

Landsmøtedelegatane frå Møre og Romsdal saman med partileiar Audun Lysbakken. Frå venstre: Eldar Høidal, Marte Skrede Hide, Morten Feiring, Kim Thoresen-Vestre, Audun Lysbakken, Anders Lindbeck, Yvonne Wold, Vidar Halvorsen, Ingrid Opedal og Andrea Strømskag.

Foto: privat

– Vi skal vere i spissen for ein grønare næringspolitikk, og det er heilt i tråd med det næringslivet i fylket vårt spør etter, og som vi har jobba mot, seier Ingrid Opedal, SV Møre og Romsdal sin representant på fylkestinget.

Ho og fleire av dei andre medlemene i fylkesstyret var denne helga på plass i Oslo under SV sitt landsmøte på Gardermoen, og var fornøgd med satsingsområda som blei vedtatt under møtet.

– Ein blir alltid litt ekstra inspirert etter landsmøta, så no er det ein delegasjon full av glød og lyst til å starte på ein ny valkamp som reiser heim til Møre og Romsdal, seier Opedal.

Tre hjartesaker

Det var spesielt tre område som Opedal var glad for at det skal fokuserast på i forkant av haustens kommuneval, nemleg miljø, landbruk og lærartettleik.

Ingrid Opedal

Ingrid Opedal ser fram til ein spennande haust.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dei fleste ser no at oljealderen er på hell, og at vi er nøydd til å vri satsinga inn mot dei grønare næringane, og tenke meir på kva som er berekraftig, seier Opedal.

Møre og Romsdal SV har også hatt styrking av landbruket som ein av sine hjartesaker, og var fornøgd med at fråsegna dei fremja på landsmøtet blir innarbeidd i partiprogrammet.

– Vi vil at Noreg skal ta ansvar for å produsere mat til eigen befolkning. Primærnæringane er også ein viktig berebjelke i mange lokalsamfunn, seier Opedal.

SV sentralt gjekk også inn for ein omfattande reform som skal fastsette kor mange tilsette kommunane skal ha i skulen og på sjukeheimar.

– Vi vil ha 2789 nye lærarar til ein prislapp på to milliardar, for å sikre 15 elevar per lærer i småskolen og 20 elevar per lærer frå femte trinn, sa SV-leder Audun Lysbakken til NRK.no søndag.

– Behovet for fleire lærar i skulen er stort, og vi ynskjer færre elevar per lærar. På den måten kan undervisninga og oppfølginga bli betre, seier Opedal.

– Går ein spennande haust i vente

SV har i seinare tid slite med låge medlemstal og kjempa for å halde seg over sperrelinja. Sidan stortingsvalet i 2013, der SV hamna på 4,1 prosent, har partiet berre vore over sperregrensa i fire av meiningsmålingane som Norstat har gjort for NRK.

Ledelsen i SV

SVs nyvalet partileiinga, f.v.: Akhtar Chaudhry (medlem i arbeidsutvalet), Bård Vegar Solhjell (nestleiar), Audun Lysbakken (leder), Kari Elisabeth Kaski (partisekretær) og Oddny Miljeteig (nestleiar).

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen / SV

I mars-målinga hamna dei på 3,8. Opedal er likevel optimistisk og ser fram til haustens kommuneval.

– Vi har mange flinke ungdomar som er på veg opp, og no gler vi oss til å få ut den gode politikken vi faktisk meiner at vi har.

Under landsmøtet blei Audun Lysbakken attvalt som leiar i partiet, medan Oddny Miljeteig frå Bergen blei valt til ny nestleiar, saman med Bård Vegar Solhjell. Kari Elisabeth Kaski, blei valt til ny partisekretær.

– Eg trur det blir godt å få Oddny Miljeteig inn i leiinga. Eg trur ho vil vere viktig for mange av dei sakene som vi brenn for i Møre og Romsdal som distriktspolitiske saker, landbrukspolitikk og nynorsk, seier Opedal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL