Hopp til innhold

Skal gjere buss attraktivt for dei unge

I dag gjeld ungdomskortet fram til ein fyller 23 år. No kan tilbodet om billigare buss og ferje bli endra.

Det nye busstilbudet fra Ålesund til Geiranger er veldig populært

Politikarane drøftar om ungdomskortet skal gjelde berre studentar, og kva aldersgrensa skal vere.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Det er Syver Hanken frå Høgre som foreslår at kortet skal vere eit tilbod for alle studentar, elevar og lærlingar uansett alder. Men for alle andre bør aldersgrensa ned til 20 år.

No lovar fylkesordførar Jon Aasen ein gjennomgang av takstane i kollektivtrafikken.

– Vi ønskjer at dei unge skal ha eit rimeleg offentleg rutetilbod. Det er også av oppdragande art, så ingen ting er betre enn å få ungdommen over på buss.

Syver Hanken

Syver Hanken frå Høgre meiner eit godt kollektivtilbod kan få studentar til å velgje Møre og Romsdal.

Foto: Privat

Hanken meiner dagens regelverk bør bli enklare, av omsyn til både studentar og politikarar. Han har arbeidd med denne saka lenge, og grunngir forslaget også med konkurransen om studentane.

– Denne konkurransen er nasjonal, og i tillegg til dei faglege tilbod må vi legge til rette for studentane også utanom skulen, seier Hanken.

Det er nokså brei semje om å få fleire unge til å ta buss og ferje. Men kva som er dei beste verkemidla er det ulikt syn på. Randi Frisvoll frå KrF stod i fremste rekke då aldersgrensa blei heva til 23 år. Forslaget til Hanken meiner ho rammar dei som ikkje er studentar.

– Dette er ei rasering av dagens tilbod, og er urettvist. Eg meiner vi kan gjere som i Buskerud, der dei har heva aldersgrensa til 25 år, og der tilbodet gjeld alle - studentar eller ikkje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL