Hopp til innhold

Studentar vil ha billegare buss

Studentparlamentet i Ålesund meiner det er urettferdig at det berre er dei under 23 år som får rabatt på bussen. – Busstilbodet må bli kjappare, billegare og likt for alle studentar, meiner dei.

Studentar og buss

URETTFERDIG: Kaja Meling Holmesland og Julie Rogne i Studentparlamentet ved NTNU meinar det må vere eit likt kollektivtilbod for alle studentar.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Ungdomskortet, Periodebillett Ungdom gir store rabattar på kollektiv transport i heile Møre og Romsdal for personar under 23 år i 30 dagar. Studentparlamentet ved NTNU i Ålesund saknar eit liknande tilbod for studentane.

– Det burde vere ein billett på buss som gagnar alle studentar, samme kva alder dei har, seier Julie Rogne i Studentparlamentet.

– Urettferdig

Rogne er heldig, ho kan framleis benytte seg av ungdomskortet, men synes det er urettferdig at medstudentane ikkje har dei same moglegheitene.

– Ein student over 23 år må betale nesten tre gongar så mykje som dei under 23 år, seier ho oppgitt.

Student buss

Lasse Leirstad brukar om lag to månadsstipend på busskort i året. - Det blir fort dyrt.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Ved NTNU i Ålesund er gjennomsnittsalderen på studentane rundt 30 år og fleirtalet av studentane kjem frå ulike stadar i regionen. Lasse Leirstad (26) tek bussen frå sentrum til skulen kvar morgon, i tillegg til at han jobbar heime i Ulsteinvik i helgane.

– Det blir fort dyrt. Som student skal ein i utgangspunktet studere på heiltid, så då har ein ikkje betre råd sjølv om ein har blitt litt eldre, seier han.

Lite miljøvennleg

Leiaren i Studentparlamentet, Kaja Meling Holmesland, vel heller å gå til skulen enn å nytte bussen, sjølv om det tek ho opptil 45 minutt.

– Eg vel å gå mest av prinsipp, fordi eg synest kollektivtilbodet er for dårleg.

Studentleiaren meinar at eit godt kollektivtilbod er heilt essensielt for ein universitetsby.

– No når Ålesund er blitt ein universitetsb,y ønskjer ein gjerne å integrere studentmiljøet med sentrum og Moa. For å få til det, må alt vere tilgjengeleg og eit godt kollektivt tilbod er det som gjer det tilgjengeleg, seier ho.

Studentar med bil vel å køyre til skulen, sidan ein ikkje sparar mange kronene på å ta bussen. Det er eit problem.

– Parkeringsplassane blir fylt opp av dei som kanskje ikkje treng det, medan dei de som har barn og må fram og tilbake med henting, ikkje får plass, seier Meling Holmesland.

– Mange er opptekne av å vere miljøbevisste, så dersom vi hadde fått billigare og fleire bussar, hadde nok fleire benytta seg av busstilbodet, seier Rogne.

– Urealistisk å heve aldersgrensa

Kristin Sørheim i Senterpartiet er leiar for Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal. Ho seier det kan bli vanskeleg å etterkome studentane sine ynskjer.

Kristin Sørheim

- Det er eit økonomisk spørsmål, seier leiaren i Samferdselsutvalget, Kristin Sørheim.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vil skal ta med oss dette vidare, men eg trur det er urealistisk å utvide aldersgrensa til kanskje 30 år, slik at det omfattar alle studentar, seier Sørheim.

Dersom ei så stor gruppe skal ha så sterke subsidiar på billettane, blir det ein mykje større kostnad for fylkeskommunen.

– Då må ein kanskje kutte i rutetilbodet for å kompensere, og det ynskjer vi heller ikkje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL