Hopp til innhold

Høgre vil ha billigare buss for studentar

Når studentar heller vel å køyre bil til skulen enn å bruke bussen, er det openbart at det er noko som må endrast, meiner Syver Hanken i Høgre. No vil dei betre tilbodet til studentar.

Syver Hanken

Studentane ved NTNU i Ålesund meiner dei betalar for mykje for buss, Syver Hanken i Høgre er einig.

Foto: Privat

Med Periodebillett Ungdom kan personar under 23 år reise billig med buss og anna kollektiv transport i heile Møre og Romsdal. Fylkesrepresentant i Høgre, Syver Hanken meiner at dette er eit tilbod som bør gjelde for alle studentar.

- Ungdomskortet fungerar godt i dag, men vi vil utvide det til å gjelde studentar som er over 23 år.

Saka vart først omtalt ved at Studentparlamentet på NTNU i Ålesund syntest det var urettferdig at ikkje alle studentane fekk same busstilbod.

– Openbart at busstilbodet må endrast

Ungdomskortet er designa for å treffe dei med lågare kjøpekraft enn andre.

– Dei som er over 20, men som ikkje studerar, er stort sett i arbeid eller går lære og får lønn. Vi må alltid sørge for at tiltaka vi innfører faktisk treff dei det er tiltenkt, seier Hanken.

Buss reisekort Fram

Med Periodebillett Ungdom får dei under 23 år store rabattar på buss.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

I følgje studentane i Ålesund, er det heilt tydelig at det ikkje treff riktig.

– Når studentar heller vel å køyre bil til skulen enn å bruke bussen, er det openbart at det er noko som må endrast.

Dei fleste byar med store studentinstitusjonar eit godt busstilbud for studentane sine.

– Dersom Møre og Romsdal, med sine fire institusjonar skal hevde seg i konkurransa om studentane, må vi vere minst like gode, Ikkje berre på skulen, men også på veg til skulen, slår Hanken fast.

– Urealistisk å heve aldersgrensa

Kristin Sørheim i Senterpartiet er leiar for Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal seier det er urealistisk å utvide aldersgrensa til kanskje 30 år, slik at det omfattar alle studentar.

– Dersom ei så stor gruppe skal ha så sterke subsidiar på billettane, blir det ein mykje større kostnad for fylkeskommunen. Då må ein kanskje kutte i rutetilbodet for å kompensere, og det ynskjer vi heller ikkje, seier Sørheim.

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim i Samferdselsutvalget seier det er urealistisk å heve aldersgrensa.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi vil ta med oss dette vidare, men dette er først og fremst eit økonomisk spørsmål.

– Kostnadane er ikkje uoverkommelege

– Vi kjem til å gjere meir enn å berre ta med oss innspelet vidare, som Sørheim seier. Vi kjem til å prøve å gjere noko med det, seier Hanken.

Høgrepolitikaren trur ikkje kostnadane er så uoverkommelege som Kristin Sørheim vil ha det til.

– Dersom vi skal innføre ungdomskortet til å gjelde for alle studentar vil det koste i underkant av 10 millionar kroner. Mesteparten av desse studentane brukar allereie ungdomskortordninga, og det er i tillegg ikkje alle som vil ha behov for dette busskortet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL